KM-sluttspel på Sandane

Laurdag 2. og søndag 3. mars blir sluttspelet i krinsmeisterskapen innandørs for dei aldersbestemte klassane avvikla i Trivselshagen på Sandane.

Heile 97 lag møtest for å kjempe om KM-titlane. Kring 1000 spelarar vil vere i aksjon, i tillegg til støtteapparat. Teknisk arrangør for KM-sluttspelet er Sandane turn- og idrettslag.

STIL fotball er i år kvalifisert med heile sju lag: Jenter 13, 14, 15 og 16 år, gutar 15 og 16 år, junior damer og junior menn.

Laurdag spelar jenter og gutar 13 år og 15 år, i tillegg til junior menn. Søndag spelar jenter og gutar 14 år og 16 år, og junior damer.

Heile 106 kampar laurdag og 101 kampar søndag skal avviklast på dei tre banene i Trivselshagen, noko som inneber nær elleve timar fotball begge dagar. Dette er det desidert største futsalarrangementet i fylket.