6. klasse ved Norstranda mottek i dag Veslefrikkprisen 2016 i Oslo.

Klasse frå Gloppen vann pris

6. klasse ved Nordstranda skule er vinnar av den nasjonale komposisjonskonkurransen Veslefrikkprisen 2016.


I dag vert prisen delt ut i Oslo, og heile klassa er til stades.

–Heilt fantastisk
– Tre av elevane, Simen, Vegard og Kristina, har på vegner av klassa sendt inn ein komposisjon og sikra seg sigeren i tevlinga. Over 1700 born frå heile landet har delteke i konkurransen. At dei vann førsteprisen, tykkjer eg er heilt fantastisk. Prisen blir delt med resten av klassa, og det er gledeleg, seier kontaktlærar Magni Vereide Kroken.

Fekk tur til Oslo
Torsdag reiste klassa først med buss til Sogndal og deretter med fly til Oslo. I dag klokka 13.00 var det fest i NRK Store Studio. Statssekretær Birgitte Jordahl frå Kunnskapsdepartementet delte ut prisen. Deretter vart musikken til dei tre levane frå Nordstranda hadde laga framførast i samspel med Kringkastingsorkesteret.

Første gong i 2015
Veslefrikkprisen blei delt ut for første gong våren 2015. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen sa då:
– Prisen bidreg til at born og unge får oppleve gleda ved å skape musikk, uttrykkje seg og forstå kor fint og viktig det er å vere kreativ.

Det er stiftinga Veslefrikk som står bak prisen. Seks finalistar vart i år plukka ut, mellom desse var Skei skule.