Foto: Thomas Brun/NTB scanpix/NPK.

Jentene får betre eksamensresultat enn gutane

Jenter får i snitt betre karakterar på eksamen enn gutar. I grunnskulen er forskjellen størst i norsk og minst i matematikk.


Førebelse eksamensresultat for grunnskulen og vidaregåande skule er no offentleggjort av Utdanningsdirektoratet.


I grunnskulen fekk elevane i gjennomsnitt karakteren 3,5 i norsk hovudmål og 3,1 i norsk sidemål. Snittet i engelsk var 3,7, og i matematikk var snittet 3,6.


I fjor var tilsvarande tal 3,6 i norsk hovudmål, 3,4 i norsk sidemål, 3,7 i engelsk og 3,6 i matematikk.


Sidan eksamensoppgåvene er ulike frå år til år, peikar Utdanningsdirektoratet på at det er normalt med noko variasjon i karaktergjennomsnitt og karakterfordeling. Resultata er derfor ikkje direkte samanliknbar frå år til år.



Jamnare i matte

Jentene oppnår i snitt betre karakterar enn gutane. I eksamen i norsk hovudmål og norsk sidemål i grunnskulen får jentene i snitt 0,6 karakterpoeng betre enn gutane.


Også i vidaregåande får jentene i snitt høgare karakterar enn gutane. Størst er forskjellen i faget sosialkunnskap, der jentene får 0,6 karakterpoeng meir enn gutane.


I matte og realfag gjer jenter og gutar det meir jamt. I praktisk matematikk for påbygging til generell studiekompetanse får gutane 0,3 karakterpoeng meir enn jentene, medan jentene får 0,4 karakterpoeng meir enn gutane i matematikk for samfunnsfag (S2).



Små endringar

I vidaregåande opplæring har det vore små endringar i karaktersnittet frå i fjor. Dei siste fem åra har likevel snittkarakterane på eksamen auka for mange av faga. Størst har endringa vore i matematikk for samfunnsfag (S1). I dette faget har gjennomsnittskarakteren auka frå 2,8 i 2015 til 3,3 i 2019.


– Det er små endringar og det er gode nyheiter. Stabile resultat viser nemleg at eksamen ligg på omtrent same vanskenivå som tidlegare år, seier statssekretær Julie Midtgarden Remen (H) i Kunnskapsdepartementet.


Den førebelse karakterstatistikken omfattar ikkje resultat frå klagebehandling. Endelege resultat kjem til hausten. (©NPK)