Brannstasjonen på Sandane er ein viktig arena når Gloppen kommune, næringssjef Knut Roger Nesdal og samarbeidspartnarar inviterer til Påsketreff komande tysdag.

Inviterer til Påsketreff

– Vi ønskjer å vise fram Gloppen og alle tilboda som er her, seier næringssjef Knut Roger Nesdal. Tysdag er det duka for Påsketreff.

Gloppen kommune har fått med seg fleire aktørar på å arrangere treffet som er for alle som er interesserte i, og litt nysgjerrige på, kva som røyver seg i kommunen med slagordet «Ein rikare kvardag – midt i verda».

Heile dagen

– Påsketreffet er ei vidareføring av treffet vi tidlegare hadde i romjula. Vi har flytta det til påska og utvida det til å vare heile dagen, seier Nesdal.

Det heile startar med påskefrukost med svele, kaffi og kulturinnslag i kommunestyresalen. Her blir det også informasjon om aktivitetane utover dagen, og omvising og presentasjon av heradshuset.

Bedriftsbesøk

Når frukosten har sige ned, vert det høve til å vitje ulike verksemder i kommunen, som Gardsbrenneriet på Hauge, SFE, Strukturplast og Brødrene Aa.

I Trivselshagen blir det omvising i kulturskulen, biblioteket og Firda vidaregåande skule. Det blir også ope i Trivselshallen og bassenget.

På TIN-camp i Trivselsskogen ventar ulike aktivitetar, fyr i bålpannene og forteljarstund med Hanne B. Oftedal.

Påskepitch

Om kvelden blir brannstasjonen i Sandane sentrum rigga om til ein møteplass.

– Der vil ulike firma presentere seg, det blir mingling og lett servering, seier Knut Roger Nesdal.

På programmet står også programslepp for ulike festivalar i kommunen, og ikkje minst kåring av vinnaren av Påskepitch.

– Påskepitch er ein konkurranse for gründerar. Vinnaren får ein premie til ein verdi av 50.000 kroner. 20.000 i kontantar og elles kontorlokale, mentorordning og diverse anna, forklarer næringssjefen og vonar på god oppslutning både om aktivitetane på dagtid og det som skjer i brannstasjonen om kvelden.