Det de legg opp til er krevjande, sa kommunedirektør Ole John Østenstad om det å sende saka tilbake til administrasjonen for ny utgreiing.

-Ikkje set meg i ein vanskeleg situasjon

Utval for Samfunn, kultur og næring handsama tysdag ny brannordning for Sunnfjord kommune. Basert på det vi har fortalt om tidlegare, nemleg at det eksisterer ei konflikt mellom kommuneleiinga og brannmannskapa i Jølster, så var det venta debatt. Det vart det.



Til møtet i utvalet låg det føre brev til politikarane frå brannfolka i Jølster, underteikna Stig Tveit. Der gjorde dei det klart at dei ikkje vil vere med på å svekke beredskapen i Jølster, noko dei meiner vil vere tilfelle når det etter planen ikkje lenger skal vere vaktordning som før i Jølster.



Uroa Kommunedirektør

-De må vere klar over to ting, nemleg at eg ikkje har sett dette brevet og at eg ber om at de ikkje set meg i ei vanskeleg stilling som arbeidsgjevar. Vi må nemleg skilje mellom brannordning og kva som skal vere gjeldande for tilhøvet til brannmannskapa, sa kommunedirektør Ole John Østenstad som gjorde det klart at han såg det som svært uheldig om saka vart send tilbake til administrasjonen for ny utgreiing, mindre ein månad før den nye kommunen er eit faktum. Dette sa han før lunsjpause og gruppemøte, på eit tidspunkt då det frå fleire hald, spesielt frå Steinar Dvergsdal (Sp) vart uttrykt stor skepsis til å trumfe gjennom ei brannordning med ei ibuande konflikt.

-Det betyr at vi aksepterer konflikten, sa Dvergsdal.

- Det de legg opp til no er krevjande. Kven har ansvaret etter nyttår om vi ikkje får på plass ei brannordning. Eg ser rett og slett ikkje korleis eg skal handtere dette om vi ikkje får på plass brannordninga. Vi må gjere kva vi kan for å forhandle oss fram til ei ordning i Jølster, sa Østenstad.



Kommunalsjefen lova dialog

Kommunalsjef for næring og miljø i Sunnfjord kommune, Øyvind Bang Olsen, gjekk gjennom den nye brannordninga, assistert av brannsjef Bernhard Øberg. Bang Olsen lova dialog med brannfolka i Jølster og at det skal arbeidast for å få til ei overgangsordning med Jølster, gjeldande fram  til 1. september neste år. Elles var kommunalsjefen oppteken av at det skal etablerast ei kombinert teknisk/brann vakt på Skei, og at Vassenden ikkje vil få særleg endringar etter nyttår samanlikna med i dag.

-Vassenden vil få leiarstøtte frå Førde ved uttrykking. Slik situasjonen er i dag vil det i tre av fire tilfelle vere slik at  utrykkingsleiaren bur på Skei, sa Bang Olsen.

På spørsmål frå Jakob André Sandal (SV) om korleis dialogen med brannmannskapa i Jølster er, så var svaret at den, etter hans meining er relativt god.



Fastlåst

- Konflikten er nok litt fastlåst akkurat no, og det er ikkje sikkert at dialogen eller stemninga blir noko betre av eit politisk vedtak. Men vi skal ha eit nytt møte i morgon med dei fire uttrykkingsleiarane i Jølster, så får vi sjå, sa brannsjef i Sunnfjord, Bernhard Øberg i lunsjpausen.

Då hadde utvalet allereie debattert saka i over ein time, og det var ganske tydeleg at politikarane var skeptiske til å gå for kommunedirektøren sitt framlegg, slik utan vidare.

Men etter lunsjpause og gruppemøte, klarte faktisk alle partia å bli samde om eit par nye punkt i kommunedirektøren si tilråding og dermed enda det med samrøystes vedtak.

Der heiter det at brannordninga blir vedteken slik den ligg føre, men at det skal arbeidast for å få til ei overgangsordning for vaktberedskapen i Jølster gjeldande fram til 01.09.20. Om det ikkje blir semje mellom partane skal saka til ny handsaming i administrasjonen før ferien. Det skal også vurderast om Vassenden med sitt omsorgsenter kan klare seg med ei responstid på 20 minutt, slik det er lagt opp til.



- Vedtaket i dag er eit steg i rett retning og det er vi glade for. Så får vi sjå kva signal administrasjonen kjem med dei neste dagane. Erfaringa så langt gjev meg ikkje stor entusiasme, seier talsmann for brannmannskapa Stig Tveit som kommentar til vedtaket.

Kommunalsjef Øyvind Bang Olsen lova å gjere det han kunne for å komme til semje med brannfolka i Jølster og meinte dei har ein god dialog-
Å vetda brannordning utan at brannfolka i Jølster er med på laget, er uaktiuelt, sa Steinar Dvergsdal til Kommunedirektør Ole John Østenstad.
Situasjonen er litt fastlåst akkurat no, sa brannsjef Bernhard Øberg.
Utvalet ville ikkje utan vidare vere med på kommunedirektøren si tilråding.