Med fem mot to røyster sa Jølster formannskap nei til fusjon mellom Sunnfjord Energi og BKK AS

Her seier Jølster nei til kraftfusjon

Formannskapet hadde torsdag til handsaming saka om fusjon mellom Sunnfjord Energi og BKK. Ei svært omstridd sak som på formannskapsmøtet førte til lange innlegg frå motstandarane og tilsvarande korte frå ja-sida.



Det synte seg fort, og ikkje uventa, at Sp flagga eit klart nei til fusjon. Det gjorde også SV og Ap, medan Høgre var litt i tvil og Venstre sa ja.

Engasjert innleiing

Ordførar Oddmund Klakegg innleia til debatt med ei lang og grundig innføring i historia om kraftproduksjonen i fylket og Jølster. Han peika også på kva den lokale kraftutbygginga har hatt å seie for entreprenørbransjen i Jølster,  som har utvikla seg og skaffa seg ny kompetanse gjennom alle kraftprosjekta som har vore siste åra.

-Sunnfjord Energi er det største og viktigaste selskapet som Sunnfjordkommunane eig. Selskapet har på få år investert to milliardar her i Jølster, og vi har totalt 27 kraftverk i kommunen som vil produsere nesten ein TWh, når alt er ferdig bygd. Når det gjeld BKK er det eit gammaldags utbytteselskap som ikkje har bygd ut meir siste åra enn eit middels kraftverk i Jølster, sa ein kjensleladd ordførar som meinte at Sunnfjord kommune bør behalde eigarskapen i Sunnfjord Energi og såleis bli ein offensiv næringskommune. Han kunne også fortelje at det blir arbeidd med finansiering av ei av hjartesakene hans, nemleg kjøp av Fjaler sine aksjar i Sunnfjord Energi.

-Eg garanterer at vi vil få på plass ei svært gunstig finansiering av desse aksjane før kommunestyremøtet 20 juni, sa Oddmund klakegg, utan å seie meir anna enn at det vil slå beina under dei vurderingane som advokatfirmaet Selmer tidlegare har gjort, og som konkluderte med at det ville bli dyrt å kjøpe desse aksjane.

Vanskeleg sak
Det var konklusjonen til både H og SV.
– Stadig nye opplysningar gjer at saka vil leve heilt til kommunestyremøtet, sa Jakob André Sandal (SV) som gjorde det klart at han ville stemme nei, og grunngav det med manglande tillit til BKK sin intensjonar, sett på bakgrunn av det som skjedde i fusjonssaka mellom Sunnfjord energi og SFE, og at dei hoppa av utbygginga i Jølstra. Det er vanskeleg å ha tillit til BKK, var meldinga frå SV-representanten og varaordføraren.
Høgre og Kjell Navelsaker var meir tvilande og stilte spørsmål ved kva som vil skje med Enivest. Det har også komme opplysningar om at fylkeskommunen forhandlar med BKK om kjøp av deira aksjar i SFE, noko som set fusjonsprosessen i eit nytt lys.
– Går BKK ut av SFE, er det eit signal om at dei ikkje vil satse i Sogn og Fjordane, sa Navelsaker som ville stemme ja, men varsla at det kan bli eit anna standpunkt på kommunestyremøtet 20. juni.
Vigdis Tonning (V) var derimot klar i sitt ja.
– Eg kjem til å gå for rådmannen si tilråding om ja til fusjon. Eg har ikkje kompetanse til å meine noko anna enn det styre og administrasjon i Sunnfjord Energi gjer, sa Tonning.

Ved røystinga stemde Sp, Sv og Ap for Sp sitt framlegg om å seie nei. H og V støtta rådmannen si tilråding om ja til fusjonen