Nøkkeloverrekking i Kommunal- og moderniseringsdepartementet mellom Nikolai Astrup og Linda Hofstad Helleland. Foto: Fredrik Varfjell/NTB scanpix/NPK.

Helleland: Ungdommar må sjå potensialet i distrikta

Ungdommane må sjå potensialet i distrikta og flytte tilbake, sa Linda Hofstad Helleland (H) då ho vart distrikts- og digitaliseringsminister.


– Eg kjem frå bygda sjølv og veit kor bra det er å bu der. Vi må atterrreise stoltheita og få folk til å sjå potensialet ved å bu langs kysten. Der får ein det beste Noreg har å by på, seier Linda Hofstad Helleland (H).


Ho trekte fram at ein kan ha godt liv i distrikta, sjølv om ein har god utdanning.


Helleland tok over nøkkelen frå Nikolai Astrup (H), som blir ny kommunal- og moderniseringsminister i regjeringa. Dei to skal samarbeide om digitalisering i tida framover.


Mange tolkar den nyoppretta posten som distriktsminister som eit direkte svar på Senterparti-framgangen og eit stadig veksande distriktsopprør.


– Vi skal lytte til folk, også dei som føler bekymring rundt nødvendige endringar, sa Helland.


Helleland var kulturminister frå desember 2015 til Trine Skei Grande (V) overtok i januar 2018. (©NPK)