Sol, glade ungar, Coca-Cola og ei god sommarlåt får Heidi Merete Sægrov-Øygard i sommarstemning.

Heidi drøymer om ei hytte på fjellet

Namn: Heidi Merete Sægrov-Øygard


Alder: 31 år


Sivil status: Gift, to born


Bustad: Valborgkleiva


Yrke: Programrådgjevar


 

Kva er din favorittaktivitet i ferien?


– Uteaktivitetar, helst fjellturar. Eg er glad i å sykle og å gå turar til TIN-campen i Trivselsskogen med ungane.


Kva blir høgdepunktet i sommar?


– Det blir ferie med ei helg på Malakoff, tur til Danmark med familien og hyttetur.


Om du var guide for ein dag, kva ville du syne fram på heimstaden din?


– Då ville eg vist fram fjelltoppane vi har. Haugsvarden er fin. Det er ein lågterskeltur der dei fleste kjem seg opp, så det eignar seg godt som ein familietur. Der kan ein gå året rundt.


Kva meiner du er den beste sommarmaten?


– Grillmat, utan tvil. Favoritten er indrefilet av hjort på grillen med brokkolisalat, heimelaga potetsalat, heimelaga aioli og ei kald øl til.


Kvar er ditt ferieparadis og kven vil du ta med dit?


– Eg har i grunn ikkje eit spesielt ferieparadis, og trivst godt heime i Gloppen. Om vi reiser på ferie, likar eg å reise til nye stadar, der eg får oppleve nye ting.


Kva greier du deg ikkje utan om sommaren?


– Det må vere kuleis frå Hennig Olsen. Eg blir nok ein fast stamkunde på isbaren på Lauget i sommar.


Favoritt dialektord eller -uttrykk?


– Å pøtte om, som betyr å potte om blomar. Det er eit uttrykk svigermor brukar.


Kva for drikke kjøler du deg ned med i sommarvarmen?


– Coca-Cola. Den må vere iskald med isbitar.


Kva skal til for at du skal kome i sommarstemning?


– Sol, glade ungar, Coca-Cola og ei god sommarlåt.


Kven vil du helst ta ein sjølvi med og kvifor?


– Tanteungane mine som bur i Bjørkelangen, Nora Sofie og Martinius. Eg saknar dei veldig, så det hadde vore fint å ta ein sjølvi med dei.


Kva for musikk får deg i godt humør?


– Det er ganske mykje. Eg er glad i norske artistar som Stavangerkameratane og Rotlaus. Sigrid har også veldig mykje god musikk. Eg høyrer òg på musikken til Amy McDonald.


Kvar tar du helst ein dukkert?


– I Gloppefjorden frå Øygardsbrygga. Om eg er på fjellet på ein varm sommardag, likar eg å ta ein dukkert i ein liten kulp ved Austrheimstøylen.


Kva likar du best – tidleg morgonstemning eller seine sommarkveldar?


– Eg er eigentleg ein morgonperson, men det er ingenting som slår seine sommarkveldar med fint vêr og solnedgang. Det er kjekt å spele kubb i hagen på kveldinga.


Kva drøymer du om?


– Ei hytte på fjellet. Den skulle vore i Sogndalsdalen ved Hodlekve.


Kven vil du sende ei sommarhelsing til?


– Eg vil gjerne sende ei helsing til mannen min Edvin som blir 30 år i dag!