Dagleg leiar på Trebo-Hus, Trond Flatjord.

Har lagt vekk innbrotssak

Tjuvar fekk med seg varer for fleire hundre tusen kroner under eit innbrot hjå Trebo-Hus i Jarbrugda ved Sandane ei helg i august. No har politiet lagt vekk saka.

– Vi greidde ikkje å tidfeste innbrotet. Det er eit dårleg utgangspunkt for vidare etterforsking, seier politioverbetjent Nils Ove Roset og slår fast at ordensmakta ikkje har klart å kome nokon veg og difor har lagt saka vekk.