Har avslutta leitinga for i dag

Politioverbetjent Wenke Hope seier til VG at dei har avslutta søket etter den sakna mannen i 50-åra som etter alt å døme blei teken av raset på sørsida av Jølstravatnet tysdag og som er antatt omkomen.







– Det pågår ingen fleire søk akkurat no. Det er blitt søkt med helikopter og båt i heile dag, og det er ingenting å sjå der no. Då vil det bli starta opp søk igjen i morgen, opplyste Hope til VG like før klokka halv åtte onsdag kveld.


Ho fortel òg at ein har fått kontakt med alle dei som tidligare ikkje var gjort greie for.