Grieg. Bokomslag Foto: Vigmostad & Bjørke.

Grieg i dur og moll




I samband med at det i år er 175 år sidan Edvard Grieg (1843–1907) vart født kjem ei bok basert på 51 hittil upubliserte brev som gir ny kunnskap om Noregs største komponist.


«Fra motgang til seier. Edvard Grieg i årene 1877-1885» er skriven av Erling Dahl jr. og Tønnes H. Gundersen. Dei tek utgangspunkt i Griegs langvarige korrespondanse med pianofabrikant Karl Hals og går i djupna og studerer ein vanskeleg og turbulent periode i livet til den verdskjende, norske komponisten.



Motgang og medgang

Då Grieg i 1877 braut opp frå Kristiania og slo seg ned i Hardanger, var han inne i ei personleg krise. Han følte seg motarbeidd i hovudstaden, hadde vanskeleg for å komponere og økonomien var dårleg. Men då han og kona Nina flytta inn på Troldhaugen i Bergen åtte år seinare var situasjonen nesten den motsette – Grieg var full av inspirasjon og skapartrong.


Det er hendingane mellom desse to ytterpunkta boka handlar om. Ho skildrar Griegs opp- og nedturar både privat og profesjonelt og gir eit meir nyansert bilete av kunstnaren og livet hans enn det vi har sett før.



Fylle tomme felt

– I desse åra fekk Grieg komponert nokre viktige verk og opplevde både suksess og knusande kritikk. Men mange av omstenda rundt komposisjonane hans – livet i Hardanger og i Bergen – og ikkje minst hans personlege problem i forholdet til Nina og den vårlege romansen med den unge Leis Schjelderup har vore dyssa ned og lite omtalt tidlegare. Eg håpar at denne boka vil vere med på å fylle nokre tomme felt i historia om Edvard Grieg, skriv Erling Dahl jr. i forordet.



Samansett menneske

– Vi har gått i Griegs fotspor på mange av stadene der hendingane vi skildrar skjedde. I arkiva har vi finlese brev og dokument som andre kanskje har oversett eller ikkje fatta den same interesse for. Slik har vi funne nytt stoff. Grieg var både eit godt menneske og ein stor kunstnar, men i personlege relasjonar ser vi at han også kunne vere både sjølvopptatt og egoistisk. Men dette endrar ikkje totalbiletet. Det gjer han berre mykje meir interessant, seier Tønnes H. Gundersen i forordet.



Grieg-kjennarar

Begge forfattarane av boka har god kjennskap til og god kunnskap om Edvard Grieg og livet hans.


Erling Dahl jr. (1946) har vore ei sentral skikkelse i norsk musikkliv i mange år. Frå 1991 til 2004 var han intendant og direktør ved Edvard Grieg Museum Troldhaugen. Han har også vore sterkt involvert i programkomiteen og styret for Bergen Filharmoniske Orkester, og som rådgivar for Festspillene i Bergen, som han også var direktør for i 2004 og 2005. Han har tidlegare skrive ein biografi om Edvard Grieg.


Tønnes H. Gundersen (1955) har arbeidd med Grieg-stoff sidan 1992. Han var lenge knytt til Edvard Grieg Museum Troldhaugen og arbeidde hovudsakleg med utstillingar og bokutgjevingar. Han har blant anna laga basisutstillinga på Edvard Grieg Museum og fleire temautstillingar. Han laga også den internasjonale vandreutstillinga Edvard Grieg–Art and Identity.


(©NPK)