Greier ikkje å ta ned prisen





Helse- og omsorgsutvalet rår kommunestyret til å godkjenne oppstart av bygging av nytt omsorgsbygg med 20 plassar i tilknyting til Gloppen omsorgssenter. Rådmannen ser ikkje at det er mogleg å redusere kostnadene med bygget.





Kostnadsoverslaget er på 105 millionar kroner inkludert moms, og prosjektet skal finansierast slik: 54,3 millionar kroner i lån, 29,8 millionar kroner i tilskot frå Husbanken og 20,9 millionar kroner i momskompenasjon.





– Kortsiktig innsparing





Kostnadsramma skal godkjennast av kommunestyret før
byggjeprosjektet vert sett i gang. Riving av eksisterande bygning på tomta og
rigging kan starte i april visst kostnadsramma vert godkjend 27. februar.





I desember bad politikarane rådmannen vurdere tiltak som kunne redusere kostnadsnivået i prosjektet. Det har han ikkje lukkast med, og han rår difor til at det nye omsorgsbygget blir bygd etter opphavleg plan.





– Vi har vurdert fleire tiltak i arbeidet med å finne innsparingstiltak. Vi har mellom anna sett på kva vi kan spare på å sløyfe pelletsanlegget og i staden satse på ordinær elektrisk kraft. Det vil kunne gje ei innsparing på 2,9 millionar kroner, men det vil vere ei kortsiktig innsparing, for det er dyrare med straum på sikt. Viss vi ikkje etablerer nytt reservestraumaggregat kan vi spare éin million kroner, men dette vil ikkje vere noko godt tiltak når ein tenkjer på beredskapen, fortel helse- og omsorgssjef Gunhild Gimmestad.





80.000 per månad





Å redusere tal plassar i det nye bygget ville ha gjeve ei
reell innsparing.





– Det burde også ha vore utgreidd, men politikarane har vedteke at det skal byggjast for 20 plassar og det er også behovet noko fram i tid. Samanliknar ein kostnaden på bygget med liknande byggjeprosjekt i fylket, er det der prisen ligg. Vi har ikkje vore ekstravagante på nokon måte. I val av materiale har arbeidsgruppa vurdert kostnader heile vegen, seier ho.





Kommunen må ut med om lag 80.000 kroner per månad for utsett byggjestart.





– Kjem Åsen & Øvrelid AS i gang i april, vil det medføre at vi må ut med 240.000 kroner. Seinare oppstart vil fordyre prosjektet ytterlegare, fortel Gimmestad.  





Då saka vart handsama i helse- og omsorgsutvalet onsdag, røysta Anniken Rygg (H) og Olaf Sigurd Gundersen (Sp) imot rådmannen si tilråding. Dei såg ikkje at det var gjort eit grundig nok arbeid med å vurdere innsparingar.





– Vi har hatt ein del munnlege prosessar i arbeidsgruppa, men vi har ikkje vore flinke nok til å dokumentere dette skriftleg, opplyser helse- og omsorgssjefen.





– Vi treng plassane





Det vil koste kommunen kring tolv millionar kroner i året å
drifte det nye bygget.





– Framover vil vi arbeide med å finne rom for dette. Vi må ikkje gløyme at eit nybygg vil gje tenesta eit løft, både for dei tilsette som skal drifte bygget og dei som får ta dei nye plassane i bruk. Gloppen kommune treng desse plassane, og det er viktig at bygget kjem på plass. I 2018 betalte kommunen 840.000 kroner i overligg på sjukehus fordi vi ikkje hadde kapasitet til å ta imot pasientane. Det viser at vi treng fleire heildøgns omsorgsplassar i kommunen. I dag står sju personar på venteliste for å få ein heildøgns omsorgsplass, fortel Gunhild Gimmestad.