Heim   >   Nyhende   >   GHK-tap i Bergen

GHK-tap i Bergen

GHK sitt herrelag i 3. divisjon tapte 41-32 borte mot studentlaget BI søndag.

Stillinga ved pause var 18-16 til heimelaget.

Runar Gåsemyr (9) og Thomas Niiranen Hamre (7) var mestscorande for glopparane som ligg på 6. plass på tabellen med 15 poeng.

Laget har no berre to kampar att av sesongen, mot Gneist (h) og Åsane (b) i slutten av mars.