Fylkeskommunen jublar

Sogn og Fjordane fylkeskommune jublar etter at kraftselskapet BKK droppar anken til Høgsterett i SFE-saka.


– Dette er ein gledesdag. Vi har vunne fram i kampen for at verdiane som ligg i SFE-eigarskapen kan bli verande i fylket og aksjar i SFE kan fordelast på kommunane i fylket, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i ei pressemelding.


Fylkeskommunen gjekk i fjor til sak mot BKK, den nest største eigaren i Sogn og Fjordane Energi, for å avklare om kraftselskapet har forkjøpsrett dersom aksjane i Sogn og Fjordane Holding blei førte over til kommunane i Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen ville som største eigar i Sogn og Fjordane Energi, gjennom SF Holding, sikre at verdiane i selskapet kom kommunane i fylket til gode før samanslåinga med Hordaland i januar 2020.


– Det har kosta mykje tid og ressursar, men vi vann fram i to rettsinstansar og er glade for å kunne gjennomføre vedtaket til fylkestinget, seier Følling.


I desember vedtok fylkestinget å overføre 80 prosent av aksjane i SF Holding til kommunane i Sogn og Fjordane. Føresetnaden var ein rettskraftig dom i saka om forkjøpsrett. Etter at BKK droppa å anke saka, vil fylkeskommunen byrja arbeidet med å overføre aksjar til kommunane.


65 prosent av aksjane blir fordelte til kommunane etter folketal, medan 35 prosent blir fordelte likt mellom kommunane, opplyser fylkeskommunen.


Aksjane blir overførte som såkalla B-aksjar. Det betyr at kommunane er sikra utbyte, medan A-aksjane vil ha fleirtal i generalforsamlinga i holdingselskapet. A-aksjane svarar til 20 prosent av eigarposten og blir med over i Vestland fylkeskommune.


Som følgje av dommen må BKK dekke kostnadane fylkeskommunen har hatt i saka. (©NPK)