Fylkesrådmann i Sogn og Fjordane, Tore Eriksen.

Fylkeskommunen gjekk med overskot

Fylkesrådmannen har lagt fram fylkeskommunen sin rekneskap for 2018. God budsjettdisiplin og god økonomistyring gjev eit overskot på 56,5 millionar kroner. Det er noko over gjennomsnittet dei fire siste åra.





Netto driftsresultat





Netto driftsresultat vert nytta som indikator på kor godt resultat ein fylkeskommune eller kommune har. For fylkeskommunane er det tilrådd å ha eit netto driftsresultat på minst 4 prosent (av samla driftsinntekter). Netto driftsresultat 2018 for vår fylkeskommune er på 195,9 millionar kroner, noko som utgjer 5,9 prosent av samla driftsinntekter.





Budsjettstyring





I budsjettstyringa skil vi mellom anslagsløyvingar og ordinære løyvingar. Anslagsløyvingane er kjenneteikna av at dei er lite «styrbare». Det betyr at sluttresultatet på postane er avhengig av faktorar som ligg utanfor fylkeskommunal kontroll. Ordinære løyvingar er styrbare løyvingar, der fylkeskommunen i stor grad skal ha kontroll på sluttresultatet.





For dei styrbare løyvingane har fylkeskommunen som prinsipp at vi skal ha budsjettdekning for dei tenestene vi yter. Med sterkt søkjelys på budsjettdisiplin vert difor ikkje alle budsjettpostar nytta fullt ut; vi styrer så nær opp til 100 prosent som råd. Det gjev mindre innsparingar på ein god del postar. Dette er ei hovudforklaring på at vi kjem ut med ei netto innsparing på 30,3 millionar kroner på sektornivå i 2018. Fylkesrådmannen er nøgd med at alle sektorane har eit positivt nettoresultat.





Fellesinntekter og -utgifter





Fellesinntektene og -utgiftene er i stor grad ikkje styrbare-løyvingar. Samla fekk vi i 2018 ei netto meirinntekt/innsparing her på 26,3 mill. kr.





Skatt og rammetilskot er hovudinntektskjeldene og utgjorde nær 2,4 mrd. kr i 2018. På desse to inntektspostane fekk vi ei meirinntekt på om lag 10,0 mill. kr (0,42 prosent). Vidare har vi meirinntekter knytt til





·         premieavvik, pensjon etc. på 9,5 mill. kr





·         kapitalinntekter/kapitalutgifter på 6,8 mill. kr





Sektornivået





Sektornivået i fylkeskommunen har ei netto utgiftsramme på vel 2,3 mrd. kr. Med eit mindreforbruk på 30,3 mill. kr har sektorane våre, sett under eitt, ei budsjettgjennomføring på om lag 98,5 prosent. Dette meiner fylkesrådmannen er svært bra.





Forvaltning står for 5,0 mill. kr av denne innsparinga. Dei største postane med mindreforbruk er politisk styring/kontrollutval (1,4 mill. kr), administrasjon og administrasjonslokale (1,2 mill. kr), diverse tilskot og fellesutgifter (2,0 mill. kr) og  lokal og regional utvikling (0,5 mill. kr).





Opplæring har eit samla mindreforbruk på 17,2 mill. kr i 2018. Dei største postane med mindreforbruk er utgifter til lokale (3,8 mill. kr), utdanningsprogramma (5,3 mill. kr) og tilpassa opplæring (4,1 mill. kr). Den største posten med meirforbruk er opplæring i bedrift (4,4 mill. kr). Dei vidaregåande skulane og Fagskulen i Sogn og Fjordane har eit samla mindreforbruk på ordinær drift på om lag 0,1 mill. kr i høve budsjett 2018. Skulane har resultatoverføring (til 2019) og innsparinga påverkar såleis ikkje det samla rekneskapsresultatet.





Tannhelse har ei innsparing på 3,1 mill. kr. Også denne sektoren har resultatoverføring (til 2019) og innsparinga påverkar såleis ikkje samla rekneskapsresultat.





Næring og kultur har samla eit netto mindreforbruk på 1,0 mill. kr, alt innan kulturområdet.





Samferdsle har eit samla netto mindreforbruk på 6,3 mill. kr. Dei største postane med mindreforbruk er fylkesvegferjer (2,8 mill. kr), bilruter (1,7 mill. kr) og fylkesvegar, miljø og trafikktryggingstiltak (1,3 mill. kr).





Fylkesveg – drift og vedlikehald – har eit mindreforbruk på 37,8 mill. kr som vert overført til bruk seinare år. Dette påverkar ikkje rekneskapsresultatet.