Blåmeis og kjøttmeis på fôringsautomat. Dei to artane toppar lista i teljinga. Arkivfoto: Paul Kleiven/NTB scanpix /NPK.

Fugleteljing: Nedgang for meisar og gråsisik

500.000 fuglar i rundt 11.000 hagar vart rapporterte i hagefuglteljinga i år. Talet på fuglar er relativt lågt og kan forklarast med fråvær av gråsisik.





Ifølgje Norsk Ornitologisk Forening var oppslutninga om teljinga i år rekordstor.





– Målet vårt om å nå rapportar frå 10.000 hagar vart innfridd i år. Med 523.000 fuglar talde i 10.670 hagar vart dette den beste oppslutninga om hagefuglteljinga nokosinne. Denne store mengda med rapportar gjer at vi får god innsikt i førekomsten av dei vanlegaste hagefuglane våre om vinteren, skriv foreininga.Vinterutbreiing





Mellom anna gir informasjonen eit godt innblikk i vinterutbreiinga til artane og førekomsten.





– Før teljinga i år var det mange som kontakta oss med bekymringar over lite fuglar på fôringsplassane sine. Dette kunne hagefuglteljinga bekrefte, då det vart eit lågmål når det gjeld talet på individ per hage. Gjennomsnittet i perioden 2008–2018 var 55 fuglar per hage. I år enda det opp med 49 fuglar per hage, det same som i 2017, ifølgje Norsk Ornitologisk Forening.Gråsisik trekker ned





Mykje av forklaringa på det låge talet er mangelen på gråsisik, melder foreininga. I år er han ikkje med på topp ti-lista, etter å ha hatt sjuandeplassen i fjor.





– Nokre år, som i fjor, er gråsisiken på farten. Dei kjem gjerne i enorme flokkar og kan setje sitt preg sitt på fôringsplassar over store delar av landet. I år var det magert med gråsisik i det meste av landet, og dette fekk utslag på den totale mengda fuglar i hagane, skriv foreininga.





Til liks med i 2016 har meisane ein dupp i førekomsten, noko som kan forklarast med unormalt låge temperaturar og dermed lite tilgang på insektlarvar. Likevel er det kjøttmeis og blåmeis som toppar lista.Sjeldne fuglar





I teljinga i år er det også rapportert inn nokre sjeldne fuglar i norsk samanheng.





– Årets sjeldnaste art var nok kvithovudsporven som vart sett på ein fôringsplass i Nord-Trøndelag, men ein isfugl som held til i ei elv som går forbi ein hage i Bamble i Telemark, er heller ikkje noko ein opplever ofte på våre breiddegrader, skriv Norsk Ornitologisk Forening.





Ein halsbandparakitt i Østfold har også fått merksemd. Dette er ein vanleg burfugl, og den aktuelle fuglen er ein rømling som har overlevd fleire vintrar på rad. Han vart funnen på ein fôringsplass i Moss under hagefugltellingen i år. Endå ein slik fugl vart observert i fri natur i Skedsmo i Akershus.Resultat frå teljinga





Dei ti vanlegaste artane under hagefugltelljnga 2019, med kor mange hagar dei vart funne i (prosent og mengde) og tala på individ:





1. Kjøttmeis, 93 prosent, 9.963 hagar, 76.391 individ





2. Blåmeis, 80 prosent, 8.611 hagar, 50.778 individ





3. Skor, 74 prosent, 7.908 hagar, 31.244 individ





4. Svarttrost, 46 prosent, 4.986 hagar, 17.778 individ





5. Spettmeis, 41 prosent, 4.431 hagar, 9.332 individ





6. Dompap, 38 prosent, 4.153 hagar, 33.510 individ





7. Gråsporv, 37 prosent, 3.982 hagar, 5.0531 individ





8. Raudstrupe, 36 prosent, 3.916 hagar, 6.003 individ





9. Pilfink, 35 prosent, 3.768 hagar, 43.455 individ





10. Grønfink, 34 prosent, 3.643 hagar, 41.256 individ





Kjelde: Norsk Ornitologisk Forening





(©NPK)