Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Fryktar mindre nynorsk med felles nettsider i NRK Vestland

NRK Sogn og Fjordane og NRK Hordaland vurderer ei felles nettside når dei blir slått saman til NRK Vestland i januar. Mållaget er bekymra for at dette vil svekke posisjonen til nynorsk både i NRK Sogn og Fjordane og NRK nasjonalt.


– Med ei felles nettside er det grunn til å tru at det i lengda vil verte færre nynorskartiklar og meir på bokmål. Nettopp fordi det er stor forskjell på å ha ei redaksjonell linje der alt er på nynorsk, og ei redaksjonell linje der det er heilt greitt å også levere bokmålstekstar, skriv Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i ein e-post til Nynorsk pressekontor.


Både Kringkastingsringen, Norsk Målungdom og Noregs Mållag stiller seg bak bekymringa og åtvarar mot å slå saman nettsidene til NRK Hordaland og NRK Sogn og Fjordane til éi side med ein redaktør.



Viktig bidrag til den nasjonale nettsida

Når NRK Sogn og Fjordane og NRK Hordaland frå nyttår blir slått saman til NRK Vestland, held dei fram med samsending på NRK Vestlandsrevyen som før, og med eigne radiosendingar både frå Førde og Bergen. Samtidig opnar dei for meir samarbeid også på radio i tilfelle der dette vil vere naturleg. No diskuterer dei korleis dei skal organisere tilbodet på nett, og vurderer ein felles front i eit nrk.no/vestland.


NRK Sogn og Fjordane skriv i dag nesten berre på nynorsk og er på den måten i ei særstilling i NRK. Aasbrenn strekar under at produksjonen frå fylket er viktig ikkje berre for regionen, men òg for den samla riksdekkande dekninga på nynorsk.


– I dag er NRK Sogn og Fjordane i ei særstilling på tekstproduksjon til nett på nynorsk. Nettsidene til NRK Sogn og Fjordane er sjølvsagt viktig for nynorsken i Sogn og Fjordane, men sakene som er laga hjå NRK Sogn og Fjordane gjev eit viktig bidrag til nynorskmengda på den nasjonale nettsida nrk.no, skriv han.



Distriktsredaktøren trur det kan verke positivt

Distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Terje Gilleshammer, sit i leiargruppa i region vest, og deler ikkje bekymringa til målrørsla.


– Etter mitt syn er det ikkje noko som tilseier at dette skal svekke nynorsken, kanskje tvert i mot, skriv han i ein e-post til Nynorsk pressekontor.


– Miljøet i gamle NRK Sogn og Fjordane vil halde fram med å skrive nynorsk og vil vere eit viktig nynorskmiljø. NRK Hordaland har mål om 40 prosent nynorsk og har til dømes hatt heile 50 prosent nynorsk på nett dei siste 90 dagane.


Difor trur han det kan ha positiv verknad at denne samla produksjonen kan bli presentert for eit endå større publikum både i Vestland og nasjonalt. Han fortel at dei to kontora i dag har om lag 120 saker på den nasjonale fronten nrk.no i månaden, og trur at eit samarbeid mellom to sterke nynorskkontor kan føre til endå fleire godt lesne saker som når eit nasjonalt publikum.


– I sum har eg tru på at dette skal styrke nynorsken, skriv Gilleshammer.



– Bokmål mest lettvint under tidspress

Aasbrenn meiner likevel at det å ta vare på éin NRK-redaksjon i landet som berre har nynorsk som nyheitsspråk på nettsidene, vil gi eit betre vern for nynorsken enn ei samanslått løysing.


– Om nynorskjournalistar og bokmålsjournalistar skal skrive saker saman, er det lett slik at dei som skriv bokmål, er usikre på å skrive nynorsk, og under tidspress blir bokmål den mest lettvinte løysinga for å få sakene på nett så snøgt som råd, svarer Aasbrenn.


Leiinga i kommande NRK Vestland diskuterer no spørsmålet med alle tilsette, og regionleiargruppa skal behandle dette i neste veke. Organiseringa av nettilbodet til nye NRK Vestland skal vedtakast i NRK Region vest i desember. (©NPK)