Frode står midt i krisa

Som femåring kom Frode Forland tøffande inn Gloppefjorden i ei fiskeskøyte i lag med familien og eit stort flyttelass, og han ser tilbake på oppveksten og ungdomstida i Gloppen med glede. I desse dagar er fagdirektøren med på å leie den norske skuta gjennom uroleg farvatn.



Gjennom alle pressekonferansane han har vore med på under koronaviruspandemien, er Frode Forland blitt eit kjent ansikt i nyhendebiletet. Dialekta er ikkje til å ta feil av – denne plukka han raskt opp då han kom til Gloppen sommaren 1962.

– Må tenkje globalt

I dag er han fagdirektør for smittevern og global helse i Folkehelseinstituttet, men legen har jobba med smittevern i ulike organisasjonar over lengre tid.

– Med Stockholm som arbeidsstad har eg jobba to år i EU-systemet med smittevern, samt to år på det hollandske tropeinstituttet med fokus på global helsebereskap. Arbeidet handla nettopp om å kunne vere budde på ein pandemi. No er vi i denne situasjonen, seier Frode Forland, som kom tilbake til Noreg i 2013.

– Verda er full av trugslar fordi vi lever tett på dyr og tett på andre menneske, og all reiseaktivitet gjer at epidemiar og pandemiar spreier seg mykje raskare enn før. Den beste måten vi kan førebyggje og sikre eiga helse på er å styrke helsetryggleiken i fattige land, seier han, som har jobba med å styrke helsesystemet i både Ghana, Malawi, Palestina og Moldova.

Med i leiargruppa

Forland er med i leiargruppa som koordinerer arbeidet ved Folkehelseinstituttet. Kvar dag får instituttet ei handfull oppdrag frå direktoratet og departementa som dei skal svare ut.

– Vi jobbar med å få fram eit godt kunnskapsgrunnlag for dei avgjerdene som skal takast, og hentar informasjon frå forskingsrapportar som er laga verda over etter at pandemien braut ut. Vi jobbar med rådgjeving til folket og til helsepersonell, samt lagar nasjonale og internasjonale oversikter knytt til pandemien, opplyser han.

Arbeidsdagane har vore hektiske og lange. I snitt har han jobba 12-14 timar kvar dag.

– Eg var i Sør-Afrika på eit oppdrag like før pandemien slo inn i Noreg. Dermed hamna eg i karantene då eg kom heim, og måtte jobbe frå mi eiga leilegheit i ti dagar, held han fram.

No sit Forland for det meste på kontoret, medan to tredeler av arbeidsstokken ved instituttet har heimekontor.

– Kvar morgon startar med eit telefonmøte med 150 personar på linja. Det går heilt fint, seier han.

– Ein klok strategi

Pandemien har lamma store delar av verda. Det har gjeve alvorlege følgjer, ikkje minst økonomisk.

– Var det riktig å stenge ned samfunnet slik vi har gjort her i Noreg?

– Det er det store spørsmålet som vi ikkje heilt har svar på enno. Eg er mange gonger blitt utfordra på å kommentere skilnaden mellom Noreg og Sverige. Naboane våre har stengt ned i mindre grad enn det vi har gjort. I Noreg gjekk vi inn for å slå hardt til, og no opnar vi gradvis opp igjen. Eg tykkjer det har vore ein klok strategi – sjølv om regjeringa valde å slå hardare til enn det vi hadde gjeve råd om, seier han.

Folkehelseinstituttet gav ikkje regjeringa råd om å stenge skular og barnehagar, stenge grensene og leggje ned hytteforbod.

– Dette var avgjerder som vart teke politisk. Når regjeringa valde å gjere dette, har vi slutta opp om det. Vi har klart å få kontroll over pandemien ved hjelp av dei tiltaka vi har sett i verk. I Sverige har dei gradvis stengt samfunnet meir ned, og har ikkje vore fullt så tøffe når det gjeld avstandskrav og store forsamlingar, peikar han på.

– Eit annleis år

Forland legg til at pakken av tiltak har medført at færre har døydd av covid-19 i Noreg samanlikna med i Sverige. Dei har fem gonger så mange døde i den første fasen sett i høve til folketalet.

– Sjølv om strategien vår har vore klok, er det no avgjerande å få i gang att viktige samfunnsinstitusjonar som det har gjeve store økonomiske konsekvensar å stenge ned. Barnehagar og skular er svært viktige i så måte, seier Forland, og legg til at born sjeldnare blir smitta og får mildare symptom av covid-19.

– Ungdomar har ei litt anna form for kontakt. Dei er tettare på kvarandre. Smittepresset vil truleg auke blant ungdomar som går på vidaregåande. Her handlar det om å få elevane til å forstå at avstand og gode hygieniske tiltak er det som gjeld, understrekar han.

Fotballtreningar som er starta opp igjen er underlagt strenge restriksjonar. Det vil bli opna opp for fleire idrettar etter kvart, men ein del kontaktidrettar må nok vente med å avvikle kampar.

– 2020 blir eit annleis år. Dette med å halde avstand kjem til å vare ved. Vi må finne måtar å drive aktivitetar på slik at ein kan oppretthalde avstandskrava og ha god hygiene, seier fagdirektøren.

– Langt meir smittsamt

I løpet av ein vanleg influensasesong døyr kring 900 nordmenn. Så langt har 213 døydd av covid-19.

– Kva tenkjer du om det?

– Det er relevant å samanlikne tala. Det er naturleg at eldre menneske døyr, og dei aller fleste døyr av ein eller annan infeksjon, til dømes av ein lungebetennelse som kjem etter ein influensa. Dette skjer også når det gjeld koronaviruset, seier han.

I tillegg ser ein at ein del yngre menneske blir hardt ramma.

– Difor har denne sjukdomen eit litt anna preg enn ein vanleg influensa. Koronaviruset er meir dødeleg og langt meir smittsamt. Utan tiltaka som er sette i verk, ville talet døde vore mykje høgare. Vi har vore opptekne av å halde smittetalet nede slik at sjukdomen har vore handterbar i helsesystemet, samt at vi ikkje får ei overbelastning knytt til intensivplassane våre, seier Forland.

Sidan kornaviruset er nytt, har ikkje styremaktene visst så mykje om korleis det ville arte seg.

– Også dette rettferdiggjer dei stramme tiltaka den første tida, meiner han.

– Tiltaka har ført til ein del frykt. Kva tenkjer du om det?

– Når informasjonsmengda blir så massiv som ho er, er det heilt naturleg å reagere med frykt. Den daglege rapporteringa av tal døde er noko vi kanskje burde slutte med. Det døyr mange fleire kvar dag av kreft, hjarteinfarkt og kroniske lungesjukdomar, slår han fast.

Tiltak ved lokale utbrot

– Kor lenge kjem denne pandemien til å vare, trur du?

– Vi vil oppretthalde tiltak på eit visst nivå til vi får ei vaksine, og no får vi gode nyhende på den fronten. Truleg vil ei vaksine som kan brukast på risikogrupper og helsepersonell vere klar mot slutten av året. Slår det til, vil vi få ein ny situasjon i høve til korleis vi kan opne opp samfunnet, seier Forland.

Koronaviruset vil neppe bli utrydda, det vil sirkulere. Det finst to måtar å byggje opp immunitet på, anten ved vaksine eller ved at smitta menneske dannar antistoff.

Fagdirektøren trur ikkje det norske samfunnet vil bli stengt ned fleire gonger.

– Eg trur det blir meir aktuelt med avgrensa tiltak ved lokale utbrot. Eg håpar vi slepp ei opptrapping av nasjonale tiltak. Når viruset dukkar opp ein stad, må vi slå det ned raskt. Det gjer vi ved hjelp av testing, smittesporing og karantene, peikar han på.

Idrett og Joy Sing

Saman med foreldre og søsken kom Frode Forland flyttande til Gloppen frå Hidra utanfor Flekkefjord. Han fylte seks år den hausten.

– Far min fekk lærarjobb på Nordfjord Folkehøgskule, og dermed stabla foreldra mine flyttelasset om bord på ei fiskeskøyte og tøffa langs kysten frå Flekkefjord til den store kaia på Vereide. Dette er eitt av dei sterke og tydelege barndomsminna eg har. Turen tok eit par døgn, og eg hugsar at eg såg Hornelen då vi passerte Rugsund, fortel han.

Han hadde ein god barndom på Vereide.

– Vi plukka eple og poteter, og vi sprang i skogen. Eg var aktiv i Fjellhug/Vereide og KFUM Sandane, og spelte både handball og volleyball. Eg gjekk på ungdomsskulen på Sandane og var ferdig på Firda Gymnas i 1976. I Joy Sing fekk eg både synge, spele og dirigere. Eg har framleis god kontakt med nokre av dei eg var saman med på denne tida. Synginga har eg teke opp att, og sidan 2013 har eg vore med Skruk, seier han, som syng første bass i det kjende koret frå Sunnmøre.

Starta studiane på Island

Foreldra hans budde på Vereide i kring 20 år. Deretter flytta dei tilbake til Flekkefjord.

– Dei flytta frå Gloppen medan eg studerte medisin på Island. Etter at eg var ferdig med militæret, jobba eg frivillig som eittåring for KFUM-KFUK i eit utviklingsprosjekt i Kenya i eitt år. Då budde eg i ei stråhytte og dreiv med solidaritetsarbeid. Eg hadde eigentleg tenkt å bli musikklærar, men i Afrika skjønte eg at eg måtte få meg ei utdanning som kunne få meg tilbake til dette kontinentet, fortel han.

På Firda hadde han gått samfunnsfaglinja. For å studere medisin, måtte han ta realfag. I tillegg studerte han eitt år med sosiologi. Deretter kom han inn på medisinstudiet i Reykjavik.

– Eg tok preklinikken på Island, og fullførte studiet i Oslo, forklarer han.

Island er ifølgje Forland ein fantastisk stad å vere om ein ønskjer å forstå korleis vestlandsmålet har utvikla og stått seg gjennom tida.

– Mange ord og uttrykk i medisinen er avleia av latin. På Island blei alt omsett til islandsk. Ofte var det lettare å forstå ein del avanserte framandord på islandsk enn på engelsk. Bøkene las eg nemleg på engelsk, medan alt det munnlege føregjekk på islandsk. Eksamenssvara mine fekk eg vel å merke levere på nynorsk desse to åra, og eg har halde på nynorsken så hardt eg kan, seier han.

Turnuslege i Gloppen

Etter at han var ferdig med studiet, var han turnuslege i Gloppen i eit halvt år – i 1985. Deretter var han kommunelege i Nissedal i Vest-Telemark.

– Det var det næraste eg kom Vestlandet på Austlandet. Eg jobba i Nissedal i ti år, men med to års permisjon der eg tok med meg familien til Zimbabwe og jobba som distriktslege på bygda. Det var på ein måte det eg hadde utdanna meg til, og saman med to andre legar hadde eg ansvar for eit distrikt med 150.000 menneske, 15 klinikkar og eitt distriktssjukehus. Her fekk eg prøve ut medisinutdanninga mi i det reelle livet på ein spennande måte. Det gjer at dette med global helse har hengt ved meg, og no har eg fått jobbe med dette meir på systemnivå, seier han.

Denne veka legg instituttet fram ei risikovurdering med fokus på internasjonal solidaritet.

– Det går ikkje an å bekjempe epidemiar og pandemiar innanfor nasjonalstaten sine grenser. Det må ein internasjonal innsats og solidaritet til. Ingen er trygge før alle er trygge. Den beste måten å gjere det på er å styrke helsesystemet i den fattige delen av verda og jobbe langsiktig med dette. Vi må dele vaksiner og tenkje globalt både med omsyn til menneske og miljø.

Store utfordringar

– Vil koronakrisa endre måten vi lever på?

– Eg trur det. Vi vil nok tenkje oss nøyare om framover. Kor lenge det vil henge i, er eg usikker på, men det kjem truleg til å bli ei viss endring i reiseaktivitet, fly- og cruisetrafikk.

Verda har store utfordringar, og han meiner det framleis er viktig å minne om at kvart år døyr det 1,2 millionar menneske av tuberkulose, 7-800.000 døyr av HIV og Aids, medan 500.000 døyr av malaria. Til no har ca. 250.000 døydd av covid-19.

– Dei store folkesjukdomane veit vi korleis vi skal bekjempe, men vi klarer ikkje å mobilisere dei rike landa til å ta tak i dette fordi sjukdomane i stor grad er knytte til den fattige delen av verda. Vi må byggje gode helsesystem som kan handtere alle sjukdomar, ikkje berre koronaen, seier Frode Forland.