Frå videoen.

Fotballtrening for små grupper

Trenarrettleiar Torbjørn Gran i STIL har laga ein sju minutt lang Youtube-video med fotball-øvingar ein kan gjere heime, ute eller inne, saman med søsken eller ein ven.

- Som så mange andre som prøver å finne aktivitetar folk kan halde på med, har eg laga ein treningsvideo der fokus er fotball og at det berre er eit fåtal til stades, skriv han.

I vidoen er det eit godt utval ulike balløvingar ein kan trene på, der ein brukar det ein har, mamma, lillebror, ei rotete garasje og ein søppeldunk. Håpet er å inspire folk til å trene og halde seg i aktivitet denne tida.

For dei som er skeptiske i desse koronatider, presiserer Gran at gutane som er med på videoen er to brødre og ein fast ven, opptaka er godkjent av foreldra, og produsert etter tilrådingar frå helsedirektoratet.