Magnar og Oddny på stølen. Foto: Vegard Fimland.

Folkekjære søsken på bestseljarlista

Boka «Søsken til evig tid» av Ivar Myklebust Longvastøl ligg på tredjeplass på bestseljarlista og har eit samla opplag på 20.000.


Oddny og Magnar Kleiva frå Naustdal i Sunnfjord vart kjende gjennom to dokumentarfilmar som vart svært populære, og som er sett av nesten to millionar. Søskenparet treff tydelegvis noko spesielt i den norske folkesjela. Dei har levd heile livet på eit småbruk og kjem tett på dyra og naturen.


Å kome til småbruket på Kleiva er som å reise 50 år tilbake i tid, og Oddny og Magnar driv garden på gamlemåten. Livet på garden følgjer årstidene og onnene. Journalist Ivar Myklebust Longvastøl tek oss med tilbake til Naustdal og fortel meir om søskenparet. (©NPK)