Breimskoret er i gang med førebuingane til den 22. kabaraten sin.

Enklare liv med Breimskoret

Årets kabaret med Breimskoret går av stabelen i slutten av april og har fått tittelen «Enklare liv?».

Mange av oss strevar med tidsklemma i kvardagen vår og lengtar etter mindre kaos, mindre stress og til eit enklare liv. Kor vanskeleg kan det eigentleg vere? I årets kabaret prøver ein av hovudpersonane å finne ut av dette. Han er ein over gjennomsnittet aktiv pensjonist som ikkje ligg på latsida, men som stadig leitar etter inntektsgjevande prosjekt han kan spe på trygda med. Denne gongen er det ein antistress-camp. Konseptet er enkelt: fisking, øl, enkel fingermat (med andre ord potetgull) og soving i hengekøye. Ikkje alt er heilt gjennomtenkt, og når han så får høve til å prøve ut campen på nære vener, vert det avdekka store manglar i både finansieringsplanen og antistress-programmet. For kor avstressande er det eigentleg å vere ute i naturen utan mobil?

I kjend Breimskor-stil vil årets kabaret ha rikeleg med god musikk og song, framført av eit sprudlande kor under kyndig leiing av dirigent Solfrid Bjørkum. Vi kan nemne låtar som «Bridge over troubled water», «Har du fyr» og «Aks av gull». Og i år som elles har vi med det faste orkesteret under leiing av Arne Søholt. Han har også denne gongen arrangert låtane for koret. Manus til kabareten er det Gunn Tone Moen som har skrive, ho har også regien på framsyninga.

Så dersom du tykkjer at julegåvehandel er noko stress, kan  vi anbefale deg å kjøpe kabaretbillettar i gåve. Enklare julehandel – enklare liv! Og dessutan er det ein presang som gleder mottakaren til langt ut på våren!

Arr.