Eli Anne Dvergsdal hadde ingen god dag under VM i motbakkeløp . Foto: Kondis.no

Eli Anne hadde ikkje dagen

Eli Anne Dvergsdal deltok i dag i VM i motbakkeløp i Andorra. Etter solid innsats i EM i fjell løp, var det sjølvsagt stilt visse forventingar til løpsmaskina frå Jølster.



Men slik gjekk det ikkje. På ein dag der kroppen ikkje fungerte, vart det ein 45. plass, langt unna det Eli Anne hadde som mål.

Kroppen ville ikkje

-Det var absolutt ingenting som fungerte i dag. Eg har aldri hatt ein så tung og dårlig kroppsleg følelse. Det kan vere høgda, men det er veldig kjedeleg at denne dagen skulle komme akkurat i VM, fortel Eli Anne som har vunne Noregscupen i motbakkeløp suverent, og vart nr. 4 i EM i fjell løp i sommar.

-Eg har i alle fall hausta erfaring og kunnskap som er godt å ta med vidare, seierho.

Kan vere høgda

VM gjekk i 2500 meters høgde, noko Eli Anne trur kan vere forklaringa på den svake plasseringa.

-Det einaste positive i dag for min del var å klare å kjempe meg heile vegen til mål på ein dag der kroppen ikkje var i slag i det heile. Med 2. og 4.plass i EM skal eg vere langt høgare oppe på ein normal dag, og i NM var eg nokre minutt føre ho som vart nr 13 i dag. Det kan vere det var høgda eg reagerte på, og at det å reise ned til denne høgda 5 dagar før konkurransen ikkje var optimalt  Eg skulle kanskje  heller reist ned enten 2-3 veker før eller et par dagar før, seier Eli Anne som sjølvsagt var skuffa etter konkurransen. Ho har nemleg hatt ein god ein sesong, etter to sesongar der skade sette ho ut av spel i 2016, og 2017  heller ikkje var heilt topp.