Ein mann vart send til sjukehus med hovud- og skulderskade etter å ha fått eit tre over seg på Vereide.

Eit tre velta over renovasjonsbilen

I dei kraftige vindkasta velta eit tre over ein av renovasjonsbilane til Nomil.



Uhellet skjedde på Vereide rett ved Nordstranda barnehage og Austrheim barnehage. Akkurat i det ein av renovasjonsbilane til Nomil passerte med hjelpemannen bakpå, velta eit tre og trefte vedkomande. Sjåføren søkte hjelp hos personalet i barnehagen til både både politi, ambulansar og brannvernet kom på staden.

Politiet opplyser at hjelpemannen var ved medvit. Han vart treft i hovud og skulder og sendt med ambulanse til Førde sentralsjukehus. Politiet har oppretta sak, og Arbeidstilsynet er varsla.