Ola Bergheim. Arkivfoto.

Eit egoistisk, rikt kraftfylke?

Lesarinnlegg av Ola Bergheim, Byrkjelo:

«Sogn og Fjordane vil ikkje gje milliardverdiane sine til Hordaland» var den store overskrifta til NRK Sogn og Fjordane.

Det blir av NRK slått stort opp at fylket årleg har fått nesten 70 millionar i utbytte frå SFE. Og framstilt som om hordalandspolitikarane med rette kan skulde fylket for egoisme og manglande vilje til å dele rikdom. Kvifor ingenting om kva Oslo og Bergen får i årleg utbytte herifrå?

«Denne dammen i fjellet på Vestlandet finansierer en skole nær deg», skreiv Aftenposten i artikkelen «Oslo tjener milliarder på vannkraft» 13.3.2013.

Der intervjua dei leiaren for E-CO Energi. Han fortalde at selskapet siste tre åra hadde utbetalt 4,3 milliardar – 1,4 milliard kvart år – til eigar Oslo kommune. Altså rundt 20 gonger meir enn utbyttet til Sogn og Fj. Fylkeskommune frå SFE. Mesteparten av utbyttet kjem frå Aurlandsutbygginga, ifylgje artikkelen. I tillegg kjem Oslo sin eigarskap i Hafslund…

Vesle flate Oslo utan eiga vasskraft – arealmessig  berre 2,4 % av Sogn og Fj – har difor lenge klart seg utan eigedomsskatt. Før noverande byråd under til dels krigstypar i riksmedia har innført lite grann eigedomsskatt også her.

Men ingen skuldar Oslo for egoisme utan vilje til deling av kraftinntekter. Tvertimot får dei ligge som ei kunstig rik øy midt inne i den merkelege nye regionen Viken.

Hentar ikkje Bergen kommune åleine (minst) like mykje av kraftverdiane her i fylket årleg, som dei knapt 70 millionane fylkeskommunen får frå SFE?

Ifylgje medieoppslag i fjor hadde BKK betalt eigarane 9,5 milliardar dei siste elleve åra. Bergen som største eigarkommunen med 37.5 % har då fått 320 millionar i årleg kraftutbytte. Som Oslo ingen eigen kraftproduksjon å snakke om. Som Oslo utgjer Bergen berre om lag 2,5% av Sogn og Fjordane sitt areal.

SFE er BBK si «pengemaskin» i nesten like stor grad som Sogn og Fj. fylkeskommune. Sidan fylkeskommunen har 49,56% av aksjonane og BKK 36,83%. Med 37,5% eigardel i BKK eig altså Bergen kommune om lag 10% av SFE. Like mykje åleine som dei tre største lokale eigarkommunane Florø (4,64%), Gloppen (3,46%) og Bremanger (2,47%) til saman.

På BKK si nettside ser vi at selskapet i tillegg til 36,8% av SFE har likande eigardeler i andre store lokale selskap i fylket:

Sognekraft (44,44%), Sunnfjord Energi (37,45%), Feios Kraftverk (20%), Kjøsnesfjorden Kraftverk (21,51%) og Førdefjorden Energi (47,24%).

Dersom BKK hentar ut 20-30% av sine totale inntekter frå desse selskapa her i fylket, skulle det for Bergen kommune sin del bli 60-100 millionar årleg. Like mykje eller kanskje meir enn fylkeskommunen vår har i SFE-utbytte.

Det har vore store overskrifter i BT og BA siste ti åra om korleis Bergen har pressa kraftsitronen BBK maksimalt for utbytte for å konkurrere med Oslo om lågaste eigedomsskatten.

Medan Sogn og Fj.  fylkeskommune har smurt kraftpengane tynt utover heile fylket når det gjeld vegar og skular og anna nødvendig.

Fylkesplanen for vassområda her i fylket fortel om 20% nedbørsauke siste 30 åra. Klimaprognosane om ytterlegare 20% auke i nedbør og 40% flaumauke mot år 2100. Tallause oppslag siste åra om aukande vegetterslep og ras og flaumea, Men sjølv ikkje ved storflaumen i Utvik og Breim i fjor tok staten spanderbuksa på, så det vart over 100 millionar i ekstrautgifter på fylket.

Fylkestinget sine forslag til staten om å auke løyvingar til fylkesvegar og katastrofefond ser ut til å falle på steingrunn.

For å bøte på skadane av auka nedbør og klimaendringar, må difor langt meir av inntektene frå vasskrafta falle på fylket og lokalkommunane og lokale eigarar. Vatnet må kort og godt betale for skadane det gjer. Før fleire kraftmillionar blir sende ut av fylket.

Slik hordalandspolitikarane uttalar seg, verkar det som deira fremste mål med reforma er å få råderett over all vasskrafta her i fylket. Og bruke inntektene i sørfylket.

Vi må då forvente at fylkesmedia ikkje skeivframstiller kraftfakta og kommunal og fylkeskommunal økonomi  i Oslo og Bergen og staten sin favør. På ein måte som sjølv vi vanlege avislesarar veit er fullstendig feil!