Ein fjordlandsby treng ikkje parkeringsgaranti

Lesarinnlegg av Liv Jorun Andenes: 

Folk vert freista til sentrum av andre kvalitetar enn ein garanti om å få parkert bilen ved butikkdøra.

Intensjonane bak områdeplanen for Sandane sentrum, som no er på høyring, er gode. Sandane skal utviklast som fjordlandsby med tettare utbygging og urbane kvalitetar. At større plass skal viast til formål som tenesteyting, næring og bustader, meir grønt og fleire utandørs møtestader, skapar føresetnader for aktivitet og folkeliv i sentrum. Det er vel og bra.

Dessverre ser det politiske motet ut til å svikte når luftige visjonar skal omsetjast til konkrete planar for å legge sentrum til rette for mjuke trafikantar. Det er eit nasjonalt mål å utvikle attraktive og klimavennlege by- og tettstadsområde. Det er også eit mål at fleire går, syklar og reiser kollektivt. Slik områdeplanen no ligg føre, er han ikkje ambisiøs nok for ei framtid der fleire av kvardagsreisene våre skal skje med andre transportmiddel enn bil. Dette gjeld spesielt omfanget av gjennomgangstrafikk og talet på parkeringsplassar planen legg opp til, men også fråværet av tilrettelegging for sykkel.

Halvparten av parkeringsplassane står tomme

Ifølgje kommunen er det i dag heile 670 parkeringsplassar i Sandane sentrum. Altså kan ein tredel av alle husstandar i Gloppen parkere ein bil i sentrum samstundes. Sjølv om glopparar er raske til å setje seg bak rattet, også på ekstremt korte turar som enkelt kan gjerast til fots eller på to hjul, viser teljingar at om lag halvparten av parkeringsplassane står tomme på ein vanleg kvardag. Områdeplanen foreslår likevel å behalde langt fleire plassar (460) enn fagkonsulentane i parallelloppdraget foreslo (under 200). Rådmannen grunngjev dette med at det «på kort sikt ikkje er mogleg med så drastisk reduksjon i parkeringsareal». Men ein områdereguleringsplan vert ikkje realisert over natta. Argumentet for å behalde fleire parkeringsplassar enn tilrådinga er difor ugyldig. Den moderate reduksjonen som ligg i forslaget vil ikkje gjere at folk tenkjer seg om to gonger før dei tar bilen til sentrum i framtida. Dermed sviktar Gloppen som bidragsytar til nasjonalt vedtekne mål på transportområdet.

Indrefileten vert misbrukt

Det er nettopp omfanget parkeringsplassar og vegar med gjennomgangstrafikk som, bokstaveleg tala, står i vegen for at Sandane sentrum kan utviklast til ein attraktiv «bygdeby» som folk har lyst å besøke og busetje seg i. Etter at den fine turstien i Trivselsskogen kom, har dei aller fleste glopparar sett Sandane frå fugleperspektiv. Frå Utsikten ser sentrum, sett litt på spissen, ut som ein einaste stor parkeringsplass. Dei grå, asfalterte flatene er mange og store, og legg beslag på både indre- og ytrefileten av sentrum. Her siktar eg spesielt til området mellom Nordstrandsvegen og Grandavegen, inkludert Krånavegen. Det er med andre ord eit stort, unytta potensial for betre arealbruk. Slik sett er ein privilegerte, som har så mykje tilgjengeleg plass som kan brukast betre.

Atmosfære slår parkeringskapasitet

Forslaget om å redusere talet på parkeringsplassar i sentrum har møtt motstand frå enkelte. Nokre næringsdrivande fryktar at konsekvensen vert ytterlegare handelslekkasjar og butikkdød. Det er ein forventa reaksjon. Mange studiar stadfester at næringsdrivande ofte overdriv kor viktig bilparkering er for omsetnaden. Det er også ei utbreidd feilslutning å tru at kundane i stor grad vel handlestad basert på parkeringstilgangen. Utvalet av butikkar og serveringsstader, samt atmosfæren, er dei viktigaste kvalitetane som trekkjer kundar til eit sentrum. Parkeringsmoglegheitene blir vurdert som mindre viktig. Småbyar som Kragerø og Drøbak er gode døme på at dette er tilfelle: Her yrer det av folkeliv trass få og avgiftsbelagde parkeringsplassar. Koselege gågater, butikkar, serveringsstader og grøntområde er det som lokkar. I dei tilfella der parkeringsmoglegheitene er funne avgjerande for kundars val av handlestad, er det gjerne to liknande handlestader som konkurrerer om dei same kundane.

Handelslekkasje er eit problem i dag

Sjølv om Sandane kan skilte med «parkeringsgaranti», er handelslekkasjen stor. I fjor var omsetnaden i varehandel per innbyggjar 80.000 kr i Gloppen, 96.500 kr i Eid og over 150.000 kr i Førde. Lekkasjen til Eid vert truleg større i  åra framover, som følgje av at Nordfjordeid styrkar seg som regional handlestad. Altså er det, heller ikkje i bilbaserte Nordfjord, nok å lokke kundar med ledig parkering. I tillegg til at mange legg handleturen utanom Sandane, fordi butikkane er fleire og gatene trivelegare andre stader, så stikk dei mange parkeringsplassane kjeppar i hjula for noverande butikkar som prøvar å lokke inn kundar til spontane kjøp – dei sit nemleg i bil på veg frå ein planlagt handel til den neste.

Å fjerne meir parkering til fordel for fleire butikkar og trivelegare gater vil redusere handelslekkasjen, ikkje auke han. Når det gjeld behovet ved særskilte arrangement, som Sandane-dagane, så finst der løysingar. Eitt døme er fleksible parkeringsplassar med ulike funksjonar gjennom året eller døgnet.

Ei sentrumsutvikling for framtida

Sambuaren min og eg er begge oppvaksne i Gloppen, og ønskjer etter kvart å flytte heim til naturskjønne Nordfjord. Attraktive arbeidsplassar, gode levekår og eit lokalsamfunn som jobbar for å sikre eige livsgrunnlag med omsyn til miljø og klima er viktig for val av heimstad. Dette er kvalitetar som alle kan hevast gjennom god sentrumsutvikling. Eg håpar at dei som sit i posisjon til å bestemme retning for Sandane fokuserer på dette, og ikkje let seg avspore av dei som målar fanden på veggen.