Fylkesordførar Jon Askeland. Arkivfoto.

– E39 i fylket sett heilt til side



– E39 gjennom fylket vårt blir sett heilt til side av Statens vegvesen, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Ei rekkje politikarar har engasjert seg og tala varmt for ei utbetring av strekninga Byrkjelo-Sandane, men førebels har ingenting skjedd.

– Nedslåande

– Vi vart veldig skuffa over forslaget frå fagetatane – Statens vegvesen, Nye vegar, Jernbanedirektoratet og Kystverket. Vi er ikkje skuffa over dei isolert sett, for dei har svara på ei bestilling. Men Vestland fylke må bli tilført meir vegmidlar enn det dei tilrår. Ingen prosjekt på E39 nord for Bergen er tekne med, og det er svært skuffande, seier Askeland.

I Gloppen har ein kjempa for å få utbetra strekninga mellom Byrkjelo og Sandane i lang tid.

– Det er ikkje lagt inn noko på denne strekninga. Det einaste eg har registrert i Sogn og Fjordane er midlar til rassikring på Rv 5 mellom Førde og Florø og litt i Sogndalsdalen. Det må eg seie er nedslåande, seier han.

– Vestland blir svekka

Konsekvensen er at politikarane i fylket ikkje får draghjelp av fagetatane i det heile.

– Uttalen vår blir dermed svært ulik den tilrådinga som fagetatane har lagt fram. Når det er så store sprik, blir kampen på Stortinget større når dei skal handsame NTP, peikar fylkesordføraren på.

Han legg til at Vestland som fylke blir svekka med den tilrådinga fagetatane har lagt fram.

– Kampen for å få vegkroner til Vestland blir langt tøffare enn eg hadde rekna med, seier han.

– Vil  gje samfunnsøkonomisk

Askeland er fullt klar over at Statens vegvesen har fått i oppdrag å svare på eit oppdrag ut frå samfunnsøkonomisk nytte.

– Men det vil heilt klart gje samfunnsøkonomisk nytte å utbetre flaskehalsane på strekninga Byrkjelo-Sandane, peikar Askeland på.

Vestland fylkeskommune inviterte til innspelsmøte om NTP 2022-2033 fredag 27. mars. Møtet blei gjennomført som eit nettmøte. Fylkeskommunen har frist til å sende inn sine prioriteringar til NTP innan 14. mai. I februar vart det gjennomført tre regionale innspelsmøte.