Duka for folkefest

I dag startar Sandane-dagane. Sentrum er no i ferd med å bli rigga til tre dagar med folkefest. 

Med variert underhaldning for store og små, strålande tilbod om ein god handel og eit yrande folkeliv med den gode, lune stemninga som har prega arrangementet i mange år, ligg alt godt til rette for dei 41. Sandane-dagane.

Vêrmeldingane er også i ferd med å rette seg, så her er det berre å ta turen til kommunesenteret i Gloppen.