Ivar Sægrov kallar det han såg i jølstraauren i helga for ein sensasjon.

– Dette er ein sensasjon

Under fiskekonkurransen i Jølstravatnet sist helg, stod der to karar og reinska fisken som fiskarane leverte i frå seg. Dei fann litt av kvart av interesse.



Ein av dei var Ivar Sægrov, som gjennom arbeid og fritid har følgt med på utviklinga av Jølstravatnet i to mannsaldrar. Sist laurdag gjorde han nokre interessante observasjonar.

Fiskeforvaltar
Sægrov har lang fartstid som rådgjevar og byråkrat i NVE, og leia i mange år den kommunale innlandsfiskenemnda. I tillegg har han vore næringsfiskar i Jølstravatnet og har følgt med på utviklinga av kvaliteten på fisken gjennom åra.

Laurdag stod han altså utanfor hotellet på Skei og reinska fisk, som han har gjort så mange gonger før, men då ved naustet heime på Sægrov. Han er alltid nysgjerrig på kva fisken i Jølstravatnet et til ulike tider av året, og han skar opp nokre magar for å sjå.

– Dette er ein sensasjon
Medan vi stod og såg på dei som reinska fisk, kom det plutseleg eit utbrot frå Sægrov.

– Nei, sjå her, dette var interessant, sa han og viste fram ein opna auremage.

Han brukte kniven til å pirke ut innhaldet, og i grauten av insekt og diverse småkryp pirka han ut ein brunaktig, flat skapning.


Fisken i Jølstravatnet har tidlegare hatt hoppekreps som viktig føde. Både den og marflo er viktige faktorar for kjøtfargen på fisken.

– Dette er marflo, sa Sægrov og peika.

– Den er viktig for raudfargen i kjøtet på fisken, men den har vore sjeldan her i fylket. Eg registrerte marflo i Jølstravatnet ein gong på 70-talet, og eg registrerte også marflo i Traudalen i Gloppen på den tid. I Traudalen er det kalkhaldig grunn rundt vatnet, noko som kan ha noko å seie sidan marflo må ha vatn med høg PH, altså ikkje surt, forklarte Sægrov.

Doktorgrad om Marflo
Marflo er eit lite krepsdyr som lever i ferskvatn på store delar av den nordlege halvkule og som kan bli opp til to cm lang.

– Det vart skriven ei doktorgradsavhandling om marflo på 70-talet, men ingen lokalitetar i Sogn og Fjordane var nemnde der, fortalde Sægrov som fann stadig fleire magar fulle av marflo.

– Dette er ein sensasjon, rett og slett.

– Kva er årsaka til at her er så mykje marflo no, spurde vi.

– Det kan vere fleire grunnar til det. Men eg vil tru det har å gjere med at vasskvaliteten har betra seg, vatnet er ikkje surt. Men det kan også ha å gjere med at vatnet er i betre balanse når det gjeld mengde fisk.

Biologen støttar teorien
Ein telefon til Harald Sægrov hos Rådgjevande Biologar i Bergen, stadfestar det broren, Ivar, fortel.

– Eg laga ei konsekvensutgreiing med omsyn til planane om å fylle ut tunnelmasse ved Kjøsnesbrua i fjor. Då gjorde eg eit prøvefiske på begge sider av brua. Det eg såg då, og som eg såg teikn til i 2008, er at no kjem marfloa for fullt. Fram til 2008 var det berre sporadiske førekomstar å sjå. Eg måtte opne hundrevis av magar for å finne marflo, no er den å finne i fleirtalet av fiskemagane, fortel biologen som har forska i Jølstravatnet sidan ungdomen.

– Kva er årsaka til dette trur du?

– Eg kan ikkje dokumentere det, men eg hallar absolutt til at det har med vasskvalitet å gjere, seier Sægrov som tykkjer dette er uhyre interessant å observere for ein biolog.

– Dette vil også ha mykje å seie for sportsfisket i vatnet, sidan marflo er eit krepsdyr som held seg i strandsona. Dermed må fisken inn til land for å beite, og han blir meir tilgjengeleg for sportsfiskarane, avsluttar Sægrov som ser fram til fisketurar i Kjøsnesfjorden i sommar.