Dette er den største fururota Magnar Dvergsdal har sett i Dvergsdalsdalen.

Det var varmt også i farne tider

 

 

Vi har opplevd den varmaste sommaren på lange tider, og store deler av Europa lir av tørke. Men det har vore varmt før også, endå varmare enn no.



F.T.: Hallstein Dvergsdal

Eit sikkert prov på det er store fururøter som stadig dukkar opp i myrar rundt om i landet og gjerne mykje høgare over havet enn der vi finn stor furuskog i dag.

Store og gamle

I Dvergsdalsdalen i Jølster har det vore dyrka hundrevis av mål med myr sidan bureisinga starta der i 1931. På slutten av 1950-talet gjorde gravemaskinene sitt inntog i dyrkingsarbeidet og dermed kom det for dagen store, gamle fururøter i store mengder. For dei som opplevde den store dyrkingsperiden på 60-talet, vil hugse dei store dungane av røter som låg i utkanten på dei store dyrkingsfelta i dalen.

Kor gamle røtene var, visste ingen, men alle var imponerte over kor godt dei gamle røtene hadde klart opphaldet i myra. Det lukta nemleg frisk furu når dei kom opp i dagen.

Kjemperot

Ein av dei som var med på myrdyrkinga i Dvergsdalsdalen og som hugsar dei mange fururøtene, er Magnar Dvergsdal. På bruket sitt har han mykje myr og han hugsar strevet dei hadde med å få dei store røtene opp av myra med dei små traktorane dei då hadde å hjelpe seg med.

– Eg hugsar vi bora hol i røtene og fylte i med dynamitt. Det var einaste måten å få dei opp på, fortel Dvergsdal, som i fjor skulle reparere ei tett grøft og kom fram på ei ny fururot som låg i vegen for gravemaskina.

Etter mykje strev fekk han til slutt rota opp, og det synte seg at her handla det om eit eksemplar av ein annan dimensjon enn det han tidlegare hadde sett.

Enormt rotsystem

Rota som kom opp hadde ein relativt grov stamme, men ikkje av dei aller grovaste. Det som var spesielt var dei lange og grove røtene som stakk opp til tre og ein halv meter ut frå stammen og der den eine hadde ein omkrins på 1,25 meter ein god meter frå stammen. Sjølve stammen hadde ein omkrins på 1,70 meter og ein diameter på vel 50 cm, så han var ikkje av dei grovaste. Men rotsystemet var enormt og  spørsmålet handlar då om kvifor denne furua måtte ha ei så stor rot for å klare seg.

Då Magnar fann rota, låg ho om lag ein halv meter under overflata, men myra har sige mykje sidan ho vart grøfta på 60-talet, så han trur ho låg ein og ein halv meter nede i myra då.

Det som står att å finne ut, er kor gammal rota er, og det er det planen å få gjort ved hjelp av korbondatering. Det som er sikkert er at det ein eller annan gong har vore grov furuskog i dalen, og at det har vore varmt og godt.

 



 

Denne rotstengelen som er 3,5 meter lang, har ein omkrins på 1,25 meter, ein god meter ut frå stammen. Det betyr at rotsystemet har hatt ein omkrins på godt over tjue meter.