Eit stort fleirtal i Fellesnemnda gjekk inn for at Førde kommune kan støtte fotballhallen på Skei.

Dei var positive til hallplanane i Jølster

Fellesnemnda for ny kommune i Sunnfjord hadde i dag, onsdag, til handsaming Jølster sin søknad til Førde kommune om 2.2 millionar i tilskot til fotballhallen på Skei. Mot fire røyster gjekk nemnda inn for å tilrå søknaden



-Saka er ei bestilling frå formannskapet i Førde som ville ha Fellesnemna sitt syn før, vi gjer vedtak, sa Jan Taule (V) frå Førde før han gjorde det klart at han kom til å gå i mot å tilrå søknaden

Også Krf

-Det er ei veldig dårleg stemning i Førde no, sa Taule vidare og synte til uttalar på folkemøtet på Skei nyleg. Han gjorde det vidare klart at han ikkje var i mot aktivitet på Skei, men slo klart og tydeleg fast at Førdefotballen ikkje kjem til å køyre til Skei for å trene.

-Det er ikkje aktuelt for oss å køyre 45 minutt kvar veg. Å bygge denne hallen blir omtrent som om vi skulle bygge tribune til 10.000 menneske på Førde stadion. Fotball er også ein utandørsidrett, var meldinga frå Taule som var klar over at han kom til å gjere seg sjølv upopulær.

-Vi må tole å møte kvarandre og vi må tole å vere usamde, sa Bjørn Harald Haugsvær (Krf) frå Førde. Han meinte det var ein fleirbrukshall som må byggast på Skei og gjorde framlegg om å ta det inn i framlegget til vedtak. Partikollega Norun Lunde Furnes frå Gaular sa det slik:

-Det blir feil å bygge denne hallen i ein utkant som Skei. Det fekk Anders Kristian Sægrov (H) til å entre talarstolen med følgjande presisering:

-Skei får snart kortare veg til Stryn enn til Førde. Frå Skei kan 60.000 menneske nåast innan ein time, så dette er ingen utkant.



Må ikkje gå utover tenestene

Det vart synt stor vilje frå dei andre politiske partia til å støtte hallprosjektet på Skei, men det vart sagt tydeleg i frå om at store investeringar ikkje må gå ut over tenestetibodet i den nye kommunen og at Jølster må syne til ei godkjend økonomiplan, der hallen er med for at ei løyving frå Førde kommune skal vere aktuell.

-Vi kan ikkje starte den nye kommunen med å ta ned tenestene, sa ordførar i Naustdal, Håkon Myrvang (Ap) Han meinte elles at Jølster , Naustdal og Gaular bør hjelpe Førde med deira symjehallprosjekt.

Rett før røysting kom prosjektleiar Ole John Østenstad med ei uttale som skapte forvirring og usikkerheit. Han sa nemleg at ei støtte frå Førde til Jølster for at hallen på Skei skal få status som interkommunalt anlegg, kunne blokkere for ekstra spelemiddelfinansiering til andre hallar i den nye kommunen. Dette skapte tvil hos Høgre og AP som begge meinte at dei siste opplysningane skapte ei ny sak og ein ny debatt.



Men det vart etter kvart røysta og mot røystene til Krf, V og Anita Eide Kvamme (Ap) frå Gaular, vedtok Fellesnemda å tilrå Førde kommune å løyve dei 2.2 millionane det er snakk om. Eide Kvamme er nestleiar i Fellesnemnda.

Blanda reaksjonar

I det siste har det kom tilrådingar frå fotballkrinsen som går mot hallplanane på Skei, stikk i strid med det den same fotballkrinsen sa i fjor.

- Uforståeleg, sa Reidun Støfring (Sp) frå Jølster som hevda  at leiar i krinsen har vore invitert til å møte arbeidsgruppa for hall på Skei, men ikkje har møtt. Støfring gav også beskjed om at fasilitetar for innandørs aktivitetar på Skei er sprengde og at mange nyttar tilbod i Gloppen.

-Krinsen har spela seg sjølv ut om sidelina, var kommentaren frå ordføraren i Jølster etter at voteringa var over og det var klart at Fellesnemnda støttar hallplanane på Skei.

-Dette var eit sterkt signal om at vi kan arbeide vidare med planane, var konklusjonen til ordføraren som ikkje var spesielt overraska over at fylkesdirektør Jan Heggheim denne veka gjekk inn for å avslå Jølster sin søknad til fylkeskommunen om støtte til fotballhallen.

-Det er same grunngjevinga som administrasjonen hadde i juni, då alle søknader vart avslegne, grunngjeve med at det ikkje var pott  til slike løyvingar.

 

-aiy3Cabo



Dei hadde grunn til å smile varaordførar Jakob André Sandal og ordførar Oddmund Klakegg.

 

-Eg likar ikkje hestehandling som dette, sa Bjørn Harald Haugsvær i ein pause. Han minte om at det er den nye kommunen som må ta rekninga for investeringar som kommunane gjer rett før samanslåing. Men han var likevel glad for at fleire av politikarane har tenkt å vere med i det nye kommunestyret og dermed tek ansvar for rekninga, som han sa.

 

 

 

 

 

 

Prosjektleiar og kommande rådmann i Sunnfjord kommune, Ole John Østenstad (t.v.) rådde til at Førdeordførar Olve Grotle, på visse vilkår kan støtte fotballhallen på Skei.
To parti som gjekk mot hallen på Skei. F.v.: Bjørn Harald Haugsvær (Krf) Norun Lunde Furnes (Krf) og Jan Taule (V)