Det er truleg siste året med dansegalla på parkeringsplassen ved kommunehuset

Dansegallaen vurderer ny arena

Årets dansgalla på Skei er historie på fleire måtar. Ein av dei er at det kan vere siste året med dans på parkeringsplassen ved kommunehuset.



-Vi ser at det etter kvart tvingar seg fram nye løysingar, ettersom det ligg føre andre planar for campingområdet vårt på Vikalandet, seier Jon Arve Førde, ein av dei som står bak dansegallaen.

Til storhallen

Vi møtte Jon Arve Førde og André Dvergsdal måndag etter at det meste var rydda og klart etter dansegallaen. Då hadde over 30 menneske vore i sving med nedrigging av telt og alt det andre som høyrer til.

Det var ein sliten, men nøgd gjeng vi møtte, sjølv om regn og dårleg temperatur nok øydela ein del for arrangementet. Spesielt søndag, som brukar å vere beste dagen, var det ein del publikumssvikt. Vi såg relativt lite lokale mellom publikum, noko vêret truleg må ta mykje av skulda for.



– Vi er slitne og leie no, men når vi får det litt på avstand, så er vi nok klar til ein ny dansegalla, seier Dvergsdal og Førde som ikkje har heilt oversikt over økonomien enno. Men ein ting hadde dei klart føre seg, nemleg at neste år så blir det dansegalla i den nye storhallen på Skei.

- Ja, vi må no bruke hallen til noko, smiler dei to karane som såg fram til å slappe av litt etter helgas sine strabasar.

Jon Arve Førde (t.v) og André Dvergsdal reknar med at det var siste året med dansegalla ved kommunehuset.