– Eg har ein fantastisk gjeng rundt meg, og det er kjekt at vi blir sett, sa Cecilie M. Helgheim.

– Cecilie er ein rollemodell

Ordførar Leidulf Gloppestad delte onsdag ut kommunen sin Arbeidsmiljøpris for 2018 til Cecilie Majchrowicz Helgheim. Ho er einingsleiar ved Oreteigen på omsorgssenteret.

Prisen vert delt ut til personar eller einingar som fremjar positive tiltak og prosessar på veg mot eit best mogleg arbeidsmiljø. Det er arbeidsmiljøutvalet som avgjer kven som skal få prisen, og det er kommunestyret som deler han ut.

5000 kroner
Prisen er på 5000 kroner, samt ein diplom.

– Det er sikkert mange som gjennom året tek del i Oreteigen sine aktivitetar ved å følgje dei på Facebook. Kjenner eg Cecilie rett, vil ho nok ikkje sjølv ta æra for det som skjer eller avdelinga sin gode omtale. Men det er viktig å hugse – utan god leiing får ikkje dei tilsette høve til å trivast og utvikle seg. Cecilie er ein kreativ, inkluderande og målretta leiar. Ho har arbeidd for eit inkluderande arbeidsmiljø, fleksibilitet og trivsel både for dei tilsette og dei som bur der. Ho legg til rette for dei tilsette for å lette arbeidsbelastninga deira, og har ei systematisk oppfølging av dei. Ho framsnakkar dei tilsette og nyttar eigenskapane deira for å skape samarbeid og arbeidsglede i ein kvardag som er pressa på tid. Oreteigen scorar høgt på medarbeidarundersøkingar, og dei tilsette er svært godt nøgde, framheva ordføraren.

I gangane på Oreteigen blir ein teken imot med smil og varme.

– Cecilie er ein rollemodell som bidreg til å løfte helse- og omsorgssektoren i Gloppen kommune, understreka han.