Brør tok kvar sin førsteplass

Første dag av alpinrenna i Jølster Skisenter er over og arrangørane melder om fine forhold og mykje folk i bakken.





Laurdag var det SPV-cup og slalåm som sto på programmet og rennet vart avvikla utan problem av noko slag





To førsteplassar til Jølster





Familien Årøen Taklo kunne notere seg for to førsteplassar laurdag. Yngstemann, Kjetil Årøen Taklo vann klassen under 12 år, medan broren Håvard gjorde det same i klassen under 14 år. Der vart Oskar Ellingsund, Jølster nr. 3.





Elles noterer vi at Nora Tveit, Jølster, tok tredjeplassen i klassen under 12 år. Tredjeplass vart det også på Elias Helle Felde frå Breimsbygda. Han var den einaste deltakaren frå Breimsbygda.





Nøgde deltakarar





Leiar for Jølster Alpin, Tone Lin Støfring Skovro, melder om god stemning og imponerte Hordalendingar.





-Dei var veldig imponerte over kvaliteten på bakken og Jølster Skisenter og Even Hole rigga ei slalom løype for trening til morgondagen, fortel ho.