Heim   >   Fylket   >   Brødrene Aa byggjer el-hurtigbåt

Brødrene Aa byggjer el-hurtigbåt

Snøggbåtreiarlaget Rødne i Finnøy har inngått avtale med Brødrene Aa  om bygging av ein ny, avansert elpassasjerbåt for cruise i rogalandsfjordane, skriv Stavanger Aftenblad.

Fartøyet vil koste 80 millionar kroner, men prisen vil stige om lag 40 millionar kroner med batteripakke og elektrisk drift i staden for diesel.

Rødne har som strategi å skaffe ein ny båt annakvart år og hadde sikra seg opsjon på snarleg byggjetid ved skipsverftet i Hyen. Det nye fartøyet vil kunne setjast inn i fjordcruisetrafikken frå Stavanger allereie sommaren 2020.

Det nye skipet blir søsterfartøy til Rødne-reiarlaget sitt flaggskip «Rygerdronningen», som Brødrene Aa leverte våren 2018. (©NPK)