Lars Petter Bartnes under jordbruksforhandlingane i 2018. Foto: Terje Bendiksby/NTB scanpix/NPK.

Bondelaget vil ha debatt om mjølkeoverskotet

Norske mjølkebønder kjem til å ha om lag 100 millionar liter mjølk til overs etter at eksportstøtta til Jarlsbergost blei fjerna. No vil Bondelaget ha debatt om moglege løysingar.


I dag eksporterer Noreg om lag 10.000 tonn Jarlsbergost, hovudsakleg til den amerikanske marknaden. Når eksportstøtta blir fjerna i 2021, vil mjølkebøndene ha om lag 100 millionar liter mjølk til overs, skriv Bondelaget på sine nettsider.


– Bondelaget har jobba hardt for at Stortinget skal vedta kompenserande tiltak til mjølkebøndene. Utover ein eingongssum for omstillingsmiddel til produksjon av storfekjøtt seier Stortinget blankt nei til noko anna, og har bestemt at desse kostnadane må berast av mjølkebøndene sjølv, seier Lars Peter Bartnes, leiar i Bondelaget.


Meieriindustrien må setje marknadsarbeidet øvst på prioriteringslista, legg han til. I tida framover ønsker Bondelaget debatt om moglege løysingar for å tilpasse behovet frå 2021. Partane i landbruksoppgjeret har blitt einige om å kome fram til ei løysing innan 1. oktober 2019. (©NPK)