Alfred Bjørlo (V) blir den første ordføraren i Stad kommune.

Bjørlo blir Stad-ordførar

Eid-ordførar Alfred Bjørlo og Venstre gjorde eit kjempeval i nye Stad kommune og enda med 36,2 prosent av røystene.

Venstre, Arbeidarpartiet og Høgre er samde om at Bjørlo blir ordførar, med Siri Sandvik (Ap) som varaordførar. Høgre får éin fast plass i formannskapet og leiarplass i eitt av hovudutvala etter nærare avtale mellom dei tre partia som får 17 av 33 mandat i det nye kommunestyret.

Senterpartiet blei neste største parti i Stad med 27,6 prosent av røystene. Arbeiderpartiet fekk 11,0 prosent, Framstegspartiet 8,1 og Høgre 6,6 prosent. SV og Kristeleg Folkeparti fekk begge 5,3 prosent oppslutning.