Det er varsla snø over 800 meter i fjellet i helga, og det er betydeleg snøskredfare på blant anna Vestlandet. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Betydeleg snøskredfare fleire stader i helga

Det er betydeleg snøskredfare både på Vestlandet og på Svalbard i helga. Det er også meldt snø i fjellet fleire stader.

Skredvarslinga opplyser at det er skredfare på nivå 3 i Nordenskiöld Land på Svalbard, og dessutan i Trollheimen, Romsdal og Sunnmøre.

Det er i tillegg moderat snøskredfare fleire andre stader i landet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er også sendt ut farevarsel om snø for fjellstrøka Trollheimen, Strynefjell og Dovrefjell. Frå laurdag kveld til søndag morgon er det venta snø i fjellet over 800 meter. Det kan falle mellom fem og ti centimeter.

(©NPK)