Styremøte i Helse Førde 23. mars. Frå venstre: Arne Skjelten (HR-direktør), Tom Guldhav (dir. kirurgisk klinikk) og Arve Varden (administrerande direktør). Foto: Helse Førde.

- Betryggande arbeid mot koronaviruset







Korona-status i Helse Førde: Ingen smitta er innlagt på sjukehus. 59 tilsette er i heimekarantene, og fem er heime med sjukmelding. - Det er betryggande å høyre korleis ein arbeider med dette, sa styreleiar Agnes Landstad etter orientering på styremøte i Helse Førde måndag.















Over tusen testa

I orienteringa til styret rundt korna-situasjonen, framført hovudsakleg av administrerande direktør Arve Varden og fagdirektør Trine Vingsnes, gjekk det fram at meir enn tusen personar i Helse Førde-området no er testa for sjukdommen, og at 21 av desse har testa positivt. Talet positive har ikkje vist ein stigande tendens dei siste dagane.

På det meste har Helse Førde analysert 210 prøver i døgnet for viruset. Nasjonalt er det knappheit på reagensar som trengst for å analysere slike prøver, også i Helse Førde. Difor er det bestemt at talet testar skal avgrensast til 60 i døgnet i tida framover.

Samarbeid om utstyr

Også smittevernutstyr har det vore nasjonal knappheit etter koronautbrotet. Helse Førde følgjer Folkehelseinstituttet sine retningsliner på smittevern, og samarbeider tett med dei andre føretaka i Helse Vest om utstyr.

- På den måten får vi godt oversyn over beholdningane av slikt utstyr i heile regionen, og føretaka kan samarbeide og hjelpe kvaranandre der det trengst, sa administrerande direktør Arve Varden.

– Ingen skal sitje med meir utstyr enn dei  treng, og føretaka kan hjelpe kvarandre begge vegar.

Ikkje blande korona-pasientar med andre

Så langt har ingen korona-smitta personar hatt trong for behandling på sjukehus i Helse Førde sitt område. Men dette vil truleg skje før eller seinare, og fagdirektør Trine Vingsnes orienterte styret om korleis føretaket bur seg på ein slik framtidig situasjon.

- Vi har lagt mange og detaljerte planar for dette. Det viktigaste er å sikre oss best mogeleg mot at pasientar med konstatert eller mistenkt smitte blir blanda med pasientar som ikkje er smitta, sa Vingsnes.

– Pasientar skal ikkje komme til våre sjukehus og oppleve å bli smitta der.

Også på lokalsjukehusa

For å sikre at dette ikkje skal skje, er det planlagt eigne, nyleg oppretta mottak utanfor det ordinære akuttmottaket. Her skal pasientar med konstatert eller mistenkt smitte bli mottekne. Det er også planlagt eigne område inne på sjukehusa, såkalla kohortar, der desse pasientane kan behandlast adskilt frå øvrige pasintar.

Planen er at smitta eller mistenkt smitta pasientar i utgangspunktet skal behandlast ved Førde sentralsjukehus, anten i ein eigen fløy på medisinsk sengepost i åttande etasje eller på intensivavdelinga i andre etasje.  På lokalsjukehusa i Lærdal og Nordfjordeid blir god start-einingane omgjort til kohort-avdelingar, ein beredskap for å kunne ta inn eventuelle koronapasientar der.

141 har meldt seg til teneste

I helga melde Helse Førde at 107 personar med varierande helsefagleg bakgrunn har meldt seg til teneste i Helse Førde. Dette skjer etter at føretaket annonserte etter personell, for å sikre seg dersom mange tilsette blir sjukmelde eller må i karantene.

Talet som har meldt seg var måndag kome opp i 141. Så langt har det ikkje vore behov for denne ekstrainnsatsen, men helseføretaket vil ta kontakt med relevant kompetanse dersom behovet skulle oppstå.

- Vi har etablert ei eiga ressursgruppe som løpande skal vurdere behovet for personell. Vi har tatt ned den elektive (planlagte) aktiviteten i sjukehusa, og er i ein situasjon der tilsette kan oppleve å måtte byte avdeling å jobbe på, gå inn i nye turnusar eller få nye arbeidsoppgåver, sa Varden.

– Vi har rigga og øvd organisasjonen for det som truleg kjem. Tilsette i alle einingar har lagt ned ein formidabel innsats.

- Betryggande

- Det er betryggande å høyre om korleis ein arbeider med dette, kor systematisk og strategisk  målretta, sa styreleiar Agnes Landstad etter gjennomgangen for styret.

– Vi vil takke alle tilsette i Helse Førde for det gode arbeidet med smittevern og førebuingar på det som kan bli en pandemi.