Ordførar Leidulf Gloppestad. Arkivfoto.

Ber innbyggjarane registrere seg

Ordførar Leidulf Gloppestad oppmodar innbyggjarane i kommune til å registrere seg på kommunen si heimeside eller hos Frivilligsentralen i Gloppen om ein har høve til å gjere ein innsats i samband med koronaepidemien.

– Alle som har høve til å gjere ein innsats for samfunnet bør registrere seg. Då har vi eit register som vi kan ty til viss vi får behov for det. Vi veit ikkje korleis situasjonen blir ei veke eller ein månad fram i tid, seier Leidulf Gloppestad, leiar i kommunen sin krisestab.

Første tilfellet

Fredag føremiddag vart det gjort kjent at éin ung person i Gloppen var påvist smitta av koronaviruset. Dette var det første tilfellet av Covid-19 i kommunen, og det har ikkje kome nye positive prøveresultat til.

– 61 personar er testa til no, og vi har fått svar på alle desse prøvene. 60 er negative, éin har testa positivt. Den positive prøva stamma frå ein ung person som var komen tilbake til Gloppen frå ein annan kant av landet der det var påvist smitte. Sist helg fekk vedkomande symptom på øvre luftvegsinfeksjon og vart deretter testa, peikar han på.

Personen har sete i karantene sidan han kom heim.

– Etter at symptoma gjorde seg gjeldande, har vedkomande nærast vore i isolasjon i eigen heim – i stor grad avskoren frå resten av familien. Her har familien gjort ein god jobb og gjort alt etter boka. Det er bra, seier ordføraren.

– Ikkje noko kjekt 

Alle som har vore i kontakt med vedkomande vart varsla med ein gong. Det gjaldt ikkje mange.

– Dei vart isolerte. Totalt sett har vi god kontroll på situasjonen. Den smitta og familien blir følgde opp og blir ivaretekne av helsepersonell, opplyser Gloppestad.

– Kva tenkjer leiaren i krisestaben om at det første smittetilfellet er påvist her?

– Det er sjølvsagt ikkje noko kjekt – sjølv om planlegginga vår har teke høgde for at dette kunne skje, seier ordføraren.

– Følg råda  

Søndag 15. mars fatta kommuneoverlegar i dei fleste kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane vedtak om at personar som hadde hatt opphald i ei rekkje andre regionar i Noreg, måtte vere i karantene i 14 dagar etter innreise til kommunen. Vedtaka vart oppheva frå midnatt søndag 22. mars.

– Eg vil minne innbyggjarane på at det framleis er viktig å halde avstand til andre, samt at ein held seg mest mogleg heime og har heimekontor om dette er mogleg. Kjenner ein på at ein held på å bli forkjøla og sår i halsen, må ein halde seg heime i inntil eitt døgn etter at symptoma er vekke. Dette er minst like viktig som før, slår ordføraren fast.

Dei som deler hus med personar som er smitta, må halde seg heime inntil ei veke etter at symptoma er vekke.

– Dette rådet er kommuneoverlegen svært opptatt av at vi følgjer. Så lenge innbyggjarane følgjer alle råda som blir gjevne, klarer vi å ha ein viss kontroll over situasjonen. At folk ikkje samlast i større grupper, gjeld også idrettsanlegga våre, peikar han på.