Gardsbruket til Solfrid Utheim Rygg og Bjørn-Petter Rygg vart rasert på kort tid då uvêret slo til tysdag 30. juli. (Privat foto)

-At det kunne gå så gale

Då det gjekk ras i Ommedal i Hyen sist tysdag, heldt Solfrid og Bjørn-Petter Rygg på å miste dei 7500 hønene sine. Gardsbruket vart utsett for store øydeleggingar, og ekteparet har hatt tøffe dagar i ettertid.



Mykje er usikkert
Solfrid Utheim Rygg fortel om dagane etter raset som svært usikre på fleire måtar.
– Vi står det over, men det er mange lause trådar. Mykje er blitt øydelagd, og no gjeld det å finne ut kva forsikringa dekkjer, kva NVE bidreg med og om naturskadefondet må inn i biletet. Mykje er usikkert, vi har mange ballar i lufta som vi ikkje veit kvar landar, seier ho.
Både garasjen og reiskapshuset deira er totalskada og fylte av stein. No i ettertid ser Utheim Rygg at det berre er hus, og det kunne fort gått verre.
– Elva tok til å grave svært nær hønsehuset. Det er laga av stål, og står rett ovanfor huset vi bur i. Eg er glad det ikkje skjedde meir skade når eg ser kor gale det kunne ha gått, peikar ho på.
– Surrealistisk
Berre svigersonen og ein praktikant var heime på tunet då raset gjekk. Solfrid var sjølv reist på stølen, og Bjørn-Petter var reist for å levere egg. Ungane var på veg frå Sandane til Hyen, og vart ståande faste mellom to ras.
– Det var heilt surrealistisk. Vi såg ting skje, men fatta ikkje omfanget før i ettertid. Eg trur ikkje dei i tunet følte seg truga, fortel Utheim Rygg.
Ekteparet var budde på at vêret skulle bli dårleg, og dei sette difor traktor og anna utstyr inn i reiskapsboda som no er gravlagd.
– Eg tok på meg regnkle før eg reiste på stølen, men det slo meg aldri at det kunne gå så gale, seier Solfrid Utheim Rygg.
Ønskjer rassikring
Førre fredag brukte forsikringsselskapet ein heil dag på å kartleggje skadane. Utheim Rygg stoler likevel ikkje på noko før pengane står på konto.
– Vi har ikkje fått svar på kven som dekkjer kva, og kor mykje enno. Det er det som er mest spennande no. Nokre instansar er meir tungvinte å nå fram til enn andre, seier ho.
Ho ser at fossen enklare kan ta vegen mot hønsehuset no når løpet er utgrave, men legg vekt på at steinen som er komen ned ikkje kjem ned fleire gonger.
– Berget er slipt, no er vi meir redde for flaum. Og flaum får vi nok meir av. Vi må få opp ein rasvoll som kan sikre hønsehuset, og massane som er komne ned må flyttast fornuftig, seier ho.
Fekk berga mykje
Det viktigaste for Solfrid var å få ungane og Bjørn-Petter heim att, samt å få redda hønene.
– Vi hadde allereie kontakta dyrlege og vurdert avliving. Skulle vi ha avliva 7500 høns ei etter ei, hadde det vore kritisk. Då vi fekk opna rette kranane og hønene var redda, vart eg svært letta, fortel ho.
Først fløymde Tverrelva over. Då denne hadde roa seg, starta Storelva. Då hasta det med å verne bøane, og lokale gravemaskiner stilte på.
– Utruleg flinke folk stilte på og tok tak i situasjonen, seier Utheim Rygg.
Kjem seg vidare
Neste steg blir å grave ut massane som

kom med raset. Heller ikkje det er det klarheit i kven som skal betale for, men ho har tru på at det finst eit system som får orden i det. No får dei erfart om det fungerer. Ho fortel at utfordringa ligg i å byggje opp att så sikkert at dei før løyve til å byggje.
– I reiskapshuset hadde vi tørrgjødsellager, det må vi få fort opp å gå. Elles går drifta med hønene som vanleg. Vi leverte heldigvis egg berre timar før raset gjekk, og hadde såleis ei veke på å få opp att vegen før neste levering. Hønene er ute og har det bra, fortel ho.
Med store øydeleggingar tett på hus og familie kan ein lett miste motet, men Utheim Rygg er ved god tru.
– Det er ikkje hjelp i å grave seg ned. Vi har kvarandre, er oppegåande, og det gjekk ikkje ut over folk eller dyr. Vi har bygd hus før, Bjørn og eg, og det skal vi greie igjen, seier Solfrid Utheim Rygg.

Bruket til Solfrid og Bjørn Rygg fekk store skader under flaumen