Hydro Aluminium i Øvre Årdal. Foto: Erik Johansen/NTB scanpix. / NPK

Årdal går nye vegar for å få fleire innbyggjarar

Etter at innbyggjartalet i Årdal kommune dei siste åra har minka med fleire hundre innbyggjarar, lyser kommunen no ut ei eiga stilling for å snu trenden og rekruttere nye innbyggjarar til kommunen.


Det er Sogn Avis og NRK som fortel om tiltaket kommunen inst i Sogn har sett i gang for auka innbyggjartal.


– Eg veit det er litt merkeleg, men eg har trua, seier kommunestyremedlem Thomas Norheim Moen (Sp) til NRK etter at kommunestyret vedtok å lyse ut ei fulltidsstilling for å rekruttere nye innbyggjarar.


Den som får jobben skal mellom anna vere med på rekrutteringsmesser og formidle gode historier og informasjon om kommunen.


Fleire andre distriktskommunar har frå før prøvd med ulike kreative tilbod for å lokke til seg nye innbyggjarar, ikkje minst unge folk. Forskar Gro Marit Grimsrud ved Norwegian Research Centre fryktar på si side at målretta innsats om å lokke til seg unge menneske, kan slå feil veg.


– Det kan også verke mot sitt formål, for du signaliserer jo at det er eit samfunn på veg ned, seier ho.


Men det finst likevel døme på små lokalsamfunn som lykkast. Bygda Kolset i Bremanger har ifølgje NRK fått positiv respons frå fleire familiar etter at dei i fjor gjekk ut med eit tilbod om å prøvebu gratis i bygda eitt år. (©NPK)