Alf Erik Gjørven, Rolf Olav Gjørven og Dag Hjelle kunne måndag ta imot Landbrukets innovasjonspris 2020. Foto: John Trygve Tollefsen/Norsk landbrukssamvirke.

Algebønder frå Stryn heidra med Landbrukets innovasjonspris

Folvengaard AS i Stryn vann tysdag Landbrukets Innovasjonspris 2020.


Prisen blei delt ut av landbruks- og matminister Olaug Bollestad under Mat- og Landbruk-konferansen i Oslo.


– Det er flott å sjå at nokon torer gå føre. Algebøndene viser at jordbruket også er langt framme når det gjeld nytenking, sa Bollestad då ho overrekte prisen.


Bøndene Rolf Olav Gjørven og Dag Hjelle er dei første i verda som har starta algeproduksjon på eigen gard. Mikroalgane skal bli til mat og fôr.


Vinnarane seier prisen betyr svært mykje for dei.


– Innovasjonsprisen er ei stor kjelde til inspirasjon for arbeidet med å realisera produktet fullt ut, seier dei i ei pressemelding.


Arbeidet til gründerane frå Stryn blir frå fleire hald trekt fram nyskapande. I grunngjevinga heiter det mellom anna at prosjektet kan vera med å bidra til at Noreg lykkast med høgare sjølvforsyning og ein endå meir berekraftig matproduksjon.


Som vinnarar av Landbrukets innovasjonspris får algebøndene med seg ein sjekk på 100.000 kroner. (©NPK)