Europas første fabrikk for grøn ammoniakk blir bygd på Vestlandet
SkiGA AS har i dag presentert planane for bygging av ein ny, grøn ammoniakkfabrikk i Skipavika i Gulen i Vestland fylke. Fabrikken skal stå ferdig i 2026.
Den blir Europas første fullskala-anlegg for produksjon av utsleppsfri ammoniakk.
– Skipavika er perfekt lokalisert for å skape ny, grøn industri og nye arbeidsplassar. Klimaeffekten frå anlegget svarer omtrent til 30 prosent av CO2-utsleppa frå heile Bergen, seier Cornel Russi i SkiGA, i ei pressemelding.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fabrikken i Skipavika er ei milliardinvestering som skaper 50 kompetansearbeidsplassar lokalt. Produksjonen vil vere 100.000 tonn utsleppsfri ammoniakk i året.
–Tomta er regulert til industriformål, vi har sikra oss tilgang på kraft og hamna er allereie i drift. SkiGA har også vorte samde med eit stort europeisk energiselskap om nøkkelvilkåra for kjøp av den grøne ammoniakken frå anlegget. Konseptet vårt kan raskt repliserast andre stadar i Noreg og EU, seier Russi.
Prosjektet som måndag vart presentert på eit møte i Skipavika for ordførar Hallvard Oppedal (Sp) i Gulen kommune og fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i Vestland fylke blir positivt motteke.
– Planane til SkiGA er svært spennande fordi det gir nye arbeidsplassar og lokal verdiskaping, men også fordi grøn ammoniakk er ein føresetnad for det grøne skiftet og kutt i klimagassutslepp, seier Oppedal og Askeland. (©NPK)