Eit sikkert vårteikn er at det dukkar opp søppel i takt med at snøen smeltar. Foto: HNR.

18. mars er det felles vårrydding

Eit sikkert vårteikn er at det dukkar opp søppel i takt med at snøen smeltar. Laurdag 18. mars er det derfor klart for vårryddedagen, og Hold Norge Rent ber om hjelp til å rydde før fuglane kjem for å hekke.

Hold Norge Rent oppmodar til rydding langs elvar, innsjøar og strender – der du tenkjer det trengst ei god opprydding etter at snøen har smelta.

Under vårryddedagen bidreg barnefamiliar, vennegjengar, studentar, bondelag, fiskerinæringa, friluftsråd, lag og foreiningar, kommunar, avfallsselskap og mange, mange fleire.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Målet er å ha ein felles ryddedag når søppelet kjem til syne etter snøsmelting og før hekketida er i gang for fullt, seier prosjektleiar Daniel Tjønn Thingvoll i ei pressemelding.

Vårryddedagen bidreg kvart år til å fjerne store mengder søppel frå norsk natur før ferdselsforbodet trer i kraft 15. april. Alt som trengst er eit par hanskar, sekk eller pose og ein plan for avfallshandtering før ein går ut og plukkar søppel. Finn eller meld inn ryddearrangement til Hold Norge Rents arrangementskalender.

Grunna is og snø, blir vårryddinga hovudsakleg gjennomført i Sør-Noreg - på Vestlandet, i delar av Midt-Noreg og i Rogaland og med vêratterhald for Nord-Noreg og i innlandet. Fleire stader i landet startar ferdselsforbodet allereie 15. mars, og i desse områda er det ikkje lov å rydde på vårryddedagen.

(©NPK)