STIL sitt gutelag vann gruppa si og er klare for A-sluttspel

STIL og Jølster vidare i Norway Cup

I dag var det 1/16-dels finalar for STIL sitt gutelag, i tillegg til Breimsbygda og Jølster sine gutelag. Alle desse spelar 7-ar fotball, medan STIL sitt jentelag spelar 11-ar og skal ut i 1/32-dels finale i morgon.

Breimsbygda er ute

Første ute av dei tre laga var Breimsbygda og STIL. STIL hadde lokaloppgjer mot Tornado Måløy og vann 3-1. Breimsbygda hadde Bergsøy som motstandar og måtte tole eit knipe tap, 3-4. Dermed er det over og ut for breimingane, medan STIL skal møte det palestinske laget Paces Palestina i 1/8-dels finale seinare i kveld.



Jølster spela ein time seinare og hadde BØS som motstandar. Jølstringane klinka til med 6-2  og skal møte det mexikanske laget Club Santos Laguna i 1/8-dels finalen i morgon.