Færre russebilar på vegane
Tal frå forsikringsselskapet If viser at talet på russebussar og -bilar har vorte halvert dei siste ti åra, skriv NRK.
Både økonomi, karakterfokus og mangel på tilgjengelege russebilar kan vere grunnen til dette.
– Det kostar mykje pengar og tek tid med dugnadar og planlegging, seier Josefia Longva Danielsen som er russ ved Fagerlia vidaregåande.
Iselin Andresen Olafsen er PR-ansvarleg for Russens hovudstyre i Oslo og Akershus seier at dei opplever at fleire organiserer seg i vandregrupper, og kan òg bekrefte at det er færre russebussar tilgjengeleg.
Informasjonssjef i If forsikring, Sigmund Clementz, nemner også mangel på russebilar som ei årsak.
– Mange russebussar blir «pensjonert» fordi dei er for gamle. Det er også vanskeleg å skaffe nye bussar, for dei støttar ikkje krava som russen har sjølv, seier han. (©NPK)