– Få ut fingeren og tenk logisk

Ringer: (1) Hei, eg er i karantene, men vi får vel kople oss opp på Teams.

(2) Ja, etter leiar-briefen. Klokka 14.00. Faen, vi er der igjen. Tenk det!

Artikkelen held fram under annonsen.

(1) Ja, tenk det. No trudde eg faktisk det var over.

(2) Alle har avbestilt i helga. Og vi har ikkje noko spesielt med aktivitet før jul, ser ut som det blir ein stille vinter.

(1) Ja, tenk at vi skal permittere igjen, det er altså fjerde gongen.

(2) Ja, herregud.

Leiar-briefen går sin gang, 20 minutt med prat frå øvste hald. Om kva tiltak hotella må gjere, kva skal vi no gjere med trafikken som er vekk, er det to dagars permitteringsvarsel? Eller 10? eller kanskje 14? Korleis gjer vi det med juleferien? Skal vi permittere folk då, for så å ta dei inn igjen rett over nyttår?

Ja, jo, vi trur det er slik. Og det kom ikkje tydeleg fram i går. Og vi har snakka med Virke, advokatar og andre for å finne ut av det.

Ja, vi får vel berre permittere alle. Pass på å ha ei grunnbemanning i tilfelle. Pass på å halde leiarane informert, og pass på dei tilsette. Vis omsorg.

Flott folkens, vi snakkast igjen til ny brief i morgon. All kan kontakte oss på hovudkontoret for saker som angår kvart hotell, Takk. Ha det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tekstmeldingar:

Tekstmelding: «Hi Preben, how are you? I know ur in carantine, im wondering if I could go home this Christmas? And when should I come back? Im not sure if I am to be honest.”

Svar: «Of course u can mate, im not sure, I would love to have u here»

«Hi Preben, do state give us feriepeng next year?»

«Hi, I don’t know. I hope so!»

«Hei, faen det her suge. Når skal vi bli tatt seriøst?»

«Eg beklagar! Staten virker heilt hjelpeslause på å finne løysingar som fungerer for oss»

Tenk om det hadde vore oljen, ja tenk om det. Då hadde det blitt skattefest, men ja, vi er jo ikkje oljen, heller ikkje den nye oljen, vi er reiseliv, restaurantar og uteliv. Distriktsbyggjarar og ikkje minst veldig nær kvarandre. Altså vi kjenner kvarandre veldig godt. Akkurat no kunne eg tenkt meg at alle mine tilsette var ein av ein million i bygda eg bur i. For når du skal arrangere allmannamøte for fjerde gong, med den same beskjeden. Sjå tilsette eg veit ikkje har all verda, men dei har i alle fall råd til å betale SFO og huslånet, fordi dei jobbar i ei lokal hjørnesteinsbedrift, som har drive med reiseliv i snart 200 år. Men 1 .januar er vedkomande offer for statleg inkompetanse og blir permittert for fjerde gong, og det på i underkant av to år. Korleis skal ho då betale for SFO i januar? Med 62,4% av løna si? Kanskje ho berre skal selje huset og flytte. Kanskje draumen om Noreg ikkje er så bra, kanskje staten aldri heilt skal finne ut av korleis dei best mogeleg skal ivareta våre tilsette i denne bransjen. Kanskje eg berre skal gje opp?

Artikkelen held fram under annonsen.

Ja, i irritasjon og skamma overfor mine tilsette har eg sjølv permittert meg som ein av dei første. Fordi eg har råd, eg er heldig. Eg er ein av dei aller fleste. Men hjartet mitt står så utruleg sterkt for dei gløymde i pandemien, dei som no ikkje veit om husleiga kan betalast i januar. Det vesle dei har av feriepengar må kanskje ofrast, fordi staten igjen feila med å hjelpe.

Eg ber statsministeren og alle på Stortinget: Få ut fingeren og tenk logisk. De kontrollerte ei nedstenging av nesten heile bransjen i går. Med dette kan de sleppe å måtte ta over ansvaret for tilsette for tidleg (to dagar permitteringsvarsel), derfor deler ein på kostnadane dei første dagane. Dette er greit, den norske modellen. Fint.

Men høyr her, Jonas og Co. de må betale 62,4% av løna til ein vanleg lønsmottakar mellom 3G og 6G, dersom vedkomande blir permittert.

Kva om de gjev den potten til hotella, VISS dei held tilsette i 100% stilling?

Då ville tilsette ha fått ei fredeleg jul, staten ville brukt nøyaktig like mykje pengar på å halde folk i sving. Og SFO-rekninga kan berre kome i januar og februar.

Det aller viktigaste å påpeike, er at Virke, LO og NHO er einige. De har alle partar med dykk.

Problemet dykkar no, er at de kun har få dagar på dykk, til faktisk å få fiksa dette. Og eg meiner at det burde ligge høgt, og burde vore presentert i går på TV. For prisen for ikkje å gjere noko no, den er stor for alle hotell, restaurantar og bartilsette der ute! Og ikkje minst deira barn. La stat, bedrift og tilsette gå samen om å gje folket i distrikt og by ei god og fredeleg jul, utan ekstra kostnader for tilsette eller staten. Slik at eg kan sjå mine tilsette i auga og smile, seie God Jul, utan å tenkje, eg veit jo at jula ikkje blir så god som den burde vere. Å sitje i telefonen med tilsette som treng hjelp. Låne dei pengar til å kome seg heim for å sjå familien sin for første gong på snart to år.

Lat oss lære av at vi saman kan løyse dette for det beste for alle tilsette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så slepp vi kontinuerleg å slite dei tilsette heilt ned til at dei ikkje orkar meir, eller at det ikkje er noken annen utveg enn å finne noko anna. Det er ein samfunnsfunksjon alt dette vi driv med. Vi er ekstra viktige i distrikta. Så Jonas, kom igjen, tørk av dei usikkerheita, smell knyttneven i bordet og sei, la oss gje reiselivet litt status for ein gongs skuld. Det er alt dei ber om. Som oljen og alle andre statlege arbeidsplassar ofte blir lagt fram som heltar. Lat oss bli anerkjende som dei samfunnsbyggjarane og inkluderande arbeidsplassane vi er! Og vis argumenta mine til Trygve, han kan forklare dei kva eg meiner med bygdefornuft. For det er det vi snakkqr om no. Fornuft til å endre til det betre. Noko eg veit finst hos heile ditt apparat og deg sjølv!