Widerøe-fly er snart på veg frå Oslo lufthamn Gardermoen til Ørsta-Volda. Foto: Ole Berg-Rusten/NTB/NPK.

Tre flyruter til Widerøe og éin til DAT

DAT har vunne kontrakten på ruta Florø-Oslo, medan Widerøe har fått kontrakten på to ruter i Nord-Noreg og éi på Nordvestlandet.

Frå no av skal Widerøe flyge 18 gonger i veka mellom Stokmarknes og Bodø, tolv gonger mellom Stokmarknes og Tromsø, og 18 gonger mellom Ørsta-Volda og Oslo. Ruta mellom Florø og Oslo skal trafikkerast av DAT 18 gonger i veka frå og med 1. april, tolv gonger før det, skriv Samferdselsdepartementet.

Dei nye avtaleperiodane startar 1. oktober 2021. Kontraktane frå Florø og Ørsta-Volda varer ut mars 2024, medan frå Stokmarknes varer dei ut mars 2022.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei regionale flyrutene er avgjerande for å gi befolkning og næringsliv i distrikta tilgang til hovudstad og regionsenter, sjukehus, offentlege styresmakter og andre viktige institusjonar, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF).

(©NPK)