Illustrasjonsfoto frå STIL sin fotballskule i sommar.

– Tilbodet frå fotballen er så omfattande at det er til hinder for deltaking i andre idrettar

Lesarinnlegg av Torill Fjellestad:

Kjære STIL fotball.

Fotballsesongen 2019/2020 har eg ein son som mest truleg spelar på STIL G9. Når dei kjem i den alderen har eg forstått det slik at det ikkje er usannsynleg at dei kan trene fotball to gongar i veka, spele seriekamp om lag ein gong i veka og delta på kongleturnering fire søndagar ila året. Det vil seie at tre av fem ettermiddagar i ei vanleg veke kan brukast på fotball. Jens vil heilt sikkert synest at dette er aldeles strålande å få vere med på, men han ville mest truleg ete is til middag òg - dersom han hadde fått bestemme sjølv.

Om dei andre idrettane Jens har lyst å vere med på i STIL skulle gi eit tilsvarande tilbod, betyr det at han i same tidsrom som fotballen har kampar i, kunne vore med på minst to friidrettstreningar + konkurranse. Mellom haustferien og påske kunne han i tillegg ha delteke på handball og turn, og faktisk trena fotball også. I alle fall ifølgje sportsplanen til STIL fotball, der “sesongen” for 6-10-åringane er definert som “heile året, med redusert aktivitet i november og desember (..) ferie i juli”.

Heldigvis tilbyr verken friidrett, turn eller handball sine aktivitetar tre ettermiddagar i veka for 9-åringane i sine konkurransesesongar, og så vidt eg veit definerer dei heller ikkje sine “sesongar” til å vare i 9 av 12 månader. Likevel kjem det til eit punkt der foreldre med aktive born ser at bremsa må på, fordi barna totalt sett er med på for mykje. Vi seier “du må velje, du kan ikkje vere med på alt”. Kva skjer då? Kva vel dei fleste borna? Fotball.

Tidleg spesialisering, tidleg fråfall

Eg har snakka med mange born i 12-13 årsalderen som har stått overfor dette valet. Mange fortel at dei eigentleg har lyst å halde fram med andre idrettar, men at dei vel vekk f.eks. handball for å vere med på alt fotballen har å tilby. Dei vil ikkje gå glipp av noko når det gjeld fotball fordi det for dei, der og då, har ein negativ konsekvens som er større enn å slutte på handball. Dette er i praksis spesialisering fordi tilbodet frå fotballen er så omfattande at det er til hinder for deltaking i andre idrettar. Etter mi meining er dette også sterkt medverkande til at det faktisk er eit for stort fråfall i fotballen etter kvart som borna vert til ungdomar. Tidleg spesialisering, i kombinasjon med auka seriøsitet og prestasjonskrav, gjer at mange ungdomar rett og slett sluttar med fotball. Dersom dei då har slutta med friidrett og turn tidlegare, er vegen kort til inaktivitet og meir usunne interesser.

Det er eigentleg med tungt hjarte eg kritiserer STIL fotball på denne måten. Fotballgruppa har lagt ned ein enorm innsats på mange område i ei årrekkje. Kritikken kjem difor ganske enkelt av den grunn at eg ynskjer at flest mogleg skal få mange gode fotballopplevingar gjennom STIL, ein klubb eg er glad i. Fotballen i STIL gav meg nokre av dei flottaste opplevingane eg har hatt på fotballbana. Eg ynskjer at mine eigne ungar, og resten av ungane i Gloppen, skal få kjenne på det same. Kjenne på meistringa, engasjementet, samhaldet - i medgang og motgang. Men då meiner eg kursen bør endrast.

Så, kjære STIL fotball. Kan de legge til rette for at Jens slepp å velje vekk for mange andre idrettar og aktivitetar fordi han har mest lyst å vere med på fotball? Kan de, som den største særidretten i Gloppen, bidra til at han kan spele fotball og drive med friidrett i den lyse årstida, og halde på med turn og handball i den mørke? Kan de ta ansvar for å sleppe dei andre idrettane meir til, slik at vi får allsidige barn som er fysisk og psykisk rusta til både idretten og livet? Då er det faktisk ein sjanse for at han om 10 år tek på seg A-lagsdrakta og stolt entrar Kunsten for å spele kamp, kanskje i 3. divisjon.