Campus Melin

Sist veke kunne vi fortelje om Melin Medical sine tankar om vidare vekst på Sandane, og då med base på Søreide. – Melin-gruppa ønskjer veldig sterkt å ha hovudbasen på Sandane. Her på tidlegare Søreide skule ønskjer vi å ha vår campus, seier økonomidirektør Leon Bakkebø.

Melin Medical har i løpet av kort tid hatt ei fantastisk utvikling. I tillegg til å vere innovative og å kunne løyse opplagde behov i helsesektoren på ein effektiv måte med ny teknologi, er det imponerande at ein også har fått skikkeleg inntening og solide overskot i bedrifta i løpet av kort tid.

No har dei for lengst vakse ut av lokala i det gamle meieriet på Sandane. Dei har ei tid tenkt på etablering på Elvaneset med nybygg, men no har det som er igjen av ledige lokale ved gamle, gode Søreide skule dukka opp som eit høgst aktuelt alternativ. Dette var eit kjempestort statleg anlegg, med både undervisning og mange bueiningar. Ein god del er selt ut til bustadføremål for private, både Høgskulen i Sogn og Fjordane og Statped Vest har halde til her. Men no er dei ute, Høgskulen vil nytte Trivselshagen til det dei har igjen av aktivitetar og Statped Vest er i Næringshagen.

Les heile leiaren i papirutgåva onsdag.